Tsjekkisk tennisveteran legg opp

Den tsjekkiske tennisveteranen Radek Stepánek (38) legg opp som tennisspelar etter 21 år som profesjonell.
sport

– Eg visste at ein tenniskarriere er tidsavgrensa, men eg ønskte at den skulle vare så lenge som mogleg. Eg har kjempa lenge, men no er det på tide å gi seg, seier Stepánek som blant anna kan sjå tilbake på fem ATP-titlar og atten double-titlar.

I 2012 og 2013 førte han Tsjekkia til Davis Cup-titlar i double saman med Tomás Berdych.

38-åringen, som på sitt beste var nummer åtte i verda, har fleire gonger funne lykka i tennisverda også utanfor bana. Han var forlova med Martina Hingis (tidlegare nummer ein i verda), gift med Nicole Vadisova (nummer sju i verda i 2013), og har vore på stemnemøte med Petra Kvitová som har vunne Wimbledon to gonger.

Gjennom den 21 år lange karrieren sin har 38-åringen vore plaga med skadar. No meiner han det får vere nok.

– Eg må setje ein strek. Eg vil ikkje risikere helsa, seier Stepánek.

(©NPK)