Grindheim klar for Haugesund

13 år etter at han forlét Haugesund er Christian Grindheim tilbake som fotballspelar i heimbyen neste sesong.

Torsdag stadfesta FK Haugesund på sine nettsider at midtbaneveteranen har signert kontrakt med klubben.

34-åringen gjekk torsdag gjennom den medisinske testen og signerte deretter ein fireårskontrakt med klubben. Avtalen inneber at haugesundaren blir spelar i FKH dei to neste sesongane, før han går over i ei rolle som trenar i utviklingsavdelinga i klubben i dei to neste.

– Klart det er spesielt å komme tilbake til Haugesund stadion og denne klubben. Timinga er veldig, veldig rett. Eg hadde ikkje komme tilbake om det ikkje var fordi eg framleis var veldig svolten og opptatt av å vise at eg framleis held nivået som fotballspelar, seier hovudpersonen.

Han liker filosofien til trenaren i klubben, Eirik Horneland.

– Ja, eg kjenner Hornelands tankar om korleis fotball bør bli spelt og delar mykje av tankegodset omkring høgt press og beinhard jobbing, seier Grindheim.

Horneland er glad for forsterkinga som no er på plass.

– Svært gledeleg at vi endeleg klarer å hente Christian heim. Han har vist i år at han framleis er ein av dei beste midtbanespelarane i Eliteserien og er ein type som passar perfekt inn som referansespelar i vår unge tropp, seier han.

Grindheim står med 54 landskampar for Noreg. Han har tidlegare spelt for både Heerenveen og FC København. Sist var han i Vålerenga.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Hergeirsson før Russland: – Draumen lever

Thorir Hergeirsson har vore den reinaste gullfabrikken etter at han tok over handballjentene sommaren 2009. Onsdag kjem ei av dei tøffaste oppgåvene.

Russlands OL-komité trur på 200 russarar i OL

Russiske utøvarar som vil delta i OL under nøytralt flagg, får støtte av Russlands olympiske komité. Det blir forventa rundt 200 russarar til start.

Patrick Thoresen melder seg OL-klar

Patrick Thoresen og dei andre proffane i ishockeyligaen KHL har fått grønt lys til å delta i OL.

Ein million såg Noreg avansere i handball-VM

I snitt følgde 958.000 TV-sjåarar Noregs siger over Spania i handball-VM måndag. 

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.