Skiskyttarsaka: 12 personar mistenkte

Tolv personar er mistenkte for enten dopingbedrag eller korrupsjon i saka rundt IBU og president Anders Besseberg.
sport

Førre veke vart det kjent at Anders Besseberg, president i Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU), er under etterforsking etter ein politirazzia i forbundshovudkvarteret i Austerrike. Måndag har saka vakse i omfang.

NRK får opplyst av den austerrikske økokrim-eininga (Wirtschafts- und Korruptionsstatsanwaltschaft) at tolv personar er mistenkte i saka. Ti av dei tolv er mistenkte for det politiet kallar dopingbedrag, og to for korrupsjon.

– To av personane er berre mistenkte for korrupsjon. Mistanken går på at dei tok imot stikkpengar for ikkje å gjere si profesjonelle plikt (som hadde vore å reagere ordentleg på dopingmistanke), skriv pressekontakt Maschl-Clausen i ein e-post til NRK.

Kven som er mistenkte, er ikkje kjent, heller ikkje kva nasjonalitet dei har, men politiet i Austerrike har før opplyst at både russiske idrettsutøvarar og idrettsleiarar er blant dei som blir etterforska i saka.

Etterforskinga er knytt til VM i skiskyting i 2017, mens korrupsjonsskuldingane går tilbake til 2012.

Etter å ha sete som president i det internasjonale skiskyttarforbundet sidan 1992 trekte Besseberg seg torsdag frå vervet så lenge han er under etterforsking. Han nektar for at han har gjort noko gale.

Torsdag opplyste politiet at dei etterforskar korrupsjon på i alt 2,3 millionar kroner i IBU-saka, der Besseberg er involvert. Sjølv avviser Besseberg at han har tatt imot pengar for å manipulere og skjule dopingprøver.

– Eg meiner at eg ikkje har gjort noko gale. Slik sett fryktar eg ikkje noko, sa Besseberg til NTB.

(©NPK)