Gislar frigitt etter 16 månader fangenskap i Irak

26 gislar, blant dei medlemmer av kongefamilien i Qatar, er frigitt, 16 månader etter at dei vart tatt til fange av opprørarar i Irak, opplyser kjelder i Irak.

Gruppa, som dreiv jakt med falkar, vart bortført frå ein leir i det sørlege Irak i desember 2015. Fredag vart dei ifølgje anonyme irakiske kjelder frigitt og overlatne til innanriksdepartementet i Bagdad.

Ifølgje kjeldene har det lenge gått føre seg forhandlingar mellom Iran, Qatar og den libanesiske Hizbollah-militsen, og det skal vere ubetalt millionar av dollar til ulike sunnimuslimske og sjiamuslimske grupper for å sikre at gislane vart sette fri.

Det er ikkje kjent kven som har halde dei 26 som gislar, og styresmaktene i Qatar har enno ikkje bekrefta at dei er sette fri.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Rahul Gandhi blir ny leiar for Kongresspartiet i India

Rahul Gandhi overtar etter mora Sonia som leiar for Kongresspartiet i India.

Putin gir ordre om delvis tilbaketrekking av russiske styrkar frå Syria

Russlands president Vladimir Putin har gitt ordre om ei delvis tilbaketrekking av russiske styrkar frå Syria.

Saudi-Arabia tillèt kinoar

Saudi-Arabia kunngjer at landet vil gjere det lovleg med kino neste år.

Tidlegare kommunisttopp blir etterforska i Kina

Kina har starta etterforsking av tidlegare kommunisttopp Sun Zhengcai, som tidlegare vart nemnt som ein kandidat til å bli Kinas president.

Fv. 63 Geiranger-Eidsdal:

Blir ikkje opna i dag

Turistbygda Geiranger

230 fastbuande att etter millionbesøk i sommar

Førjulsmorgon. Milde sommarvinder er blitt til kald vind, regn og sørpete vegar. Turistbygda har gått i dvale. Trudde vi.

Stranda:

Fotgjengar påkøyrd i gangfelt

Ei kvinne i 60-åra fekk moderate skader etter ein påkøyrsel ved Betel fredag ettermiddag.