Antatt gjerningsmann døydde under angrep på politiet i Paris

Ein mann har døydd etter at han prøvde å angripe politifolk på Champs-Élysées i Paris, opplyser franske styresmakter. Politiet fann våpen i bilen til mannen.

Etter angrepet vart føraren liggjande medvitslaus på bakken, men ingen andre skal vere skadde. Innanriksministeren i Frankrike stadfesta like før klokka 17.30 måndag at den antatte gjerningsmannen er død.

Politikjelder seier samtidig at det vart funnet ei Kalasjnikov-rifle, handvåpen og gassflasker i bilen til mannen.

Politiet har i ei Twitter-melding stadfesta at dei har mistanke om at det dreier seg om eit angrep.

Marigny-teateret like ved vart evakuert, ifølgje nyheitsbyrået Reuters. I tillegg vart metrostasjonen Champs-Élysées-Clémenceau stengd.

Meldinga om politiaksjonen kom like etter klokka 16. Politiet bad samtidig folk om å halde seg unna under politiaksjonen, og området vart sperra av.

Åstaden ligg like ved presidentpalasset, der president Emmanuel Macron bur.

Ein journalist frå avisa Libération, som var augnevitne til hendinga, seier han såg ein eksplosjon inne i bilen til gjerningsmannen. Politiet trekte mannen ut mens dei sløkte brannen med brannsløkkingsapparat, skriv BMFTV .

Hendinga måndag skjedde to månader etter at ein politimann vart skoten og drepen på Champs-Élysées, ein av dei største turistattraksjonane i Paris.

Frankrike har framleis unntakstilstand på grunn av fleire tidlegare terrorangrep.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

London-politiet: Mann døydde av fleire skader under moskéangrep

Den 51 år gamle mannen som blei erklært død etter angrepet mot moskeen i Finsbury Park i London i førre veke, døydde av ei rekke skader, opplyser politiet.

Anslagsvis 600 høgblokker i England har brannfarlege fasadar

Anslagsvis 600 høyhus i England har brennbare fasadeplater som liknar på dei som dekte Grenfell Tower, opplyser statsminister Theresa May. 

Der Spiegel: Tyskland spionerte på Det kvite hus

Tysk etterretningsteneste spionerte i lang tid både på amerikanske styresmakter og næringsliv, deriblant på Det kvite hus, ifølgje nyheitsmagasinet Der Spiegel.

Nær 30 drepne av bilbombe utanfor bank i Afghanistan

Dei fleste offera var sivile då ei bilbombe eksploderte utanfor ein bank i Helmand sør i Afghanistan torsdag, ifølgje styresmaktene. Dødstalet har stige til 29.

Kommunebarometeret 2017

Stranda opp ni plasser frå i fjor

Stranda kommune klatrer på Kommunebarometeret i år. Kommunen hamner midt på treet kva gjeld plassering og på nøkkeltal.

Har fått over ein million til utvikling og produksjon

Gir støtte til ny Øie-film

Debatt med sterkt engasjement

Vil ha tilbod

Debatten rundt avlastingsbustader for barn og ungdom med særskilt stort behov, mangla ikkje engasjement.

Suksess-program

TV-team stenger Trollstigen

Trollstigen blir stengd i periodar i dag og i morgon.

2.581 strandarar får igjen på skatten

I dag kjem skattepengane

Kan ta i mot meir avfall på Kjølen

Etter at lokala deira i Ødegårdsvegen 130 brann ned i juni i fjor, har Stranda Gjenvinning og Transport AS halde til på Kjølen Miljøstasjon.

Stranda pensjonistlag

Valkampopning i Stranda "Slippen min" sigra

Det mangla ikkje på tema då sentrale politikarar drog i gang valkampen i Stranda.

Varslar straumstans i natt

Nettselskapet koplar ut høgspentlinjene mellom Stranda vgs og Korsbakken.

Fleire fekk forenkla førelegg

Laserkontroll i Velledalen