Sterke russiske reaksjonar på amerikansk nedskyting av syrisk fly

Etter at USA søndag skaut ned eit syrisk kampfly, truar Russland med å skyte ned fly og dronar frå den amerikanskleidde koalisjonen over Syria.

Fly frå koalisjonsstyrkane kjem no til å bli rekna som mål dersom dei kjem vest for Eufrat, heiter det i ei fråsegn frå Moskva.

Måndag stoppa òg russarane samarbeidsavtalen med USA frå 2015, som skal hindre hendingar i det syriske luftrommet. Avtalen vart inngått for å skjerme president Assad i offensiven hans mot IS. Det russiske forsvarsdepartementet hevdar dei ikkje fekk noko åtvaring før ameriakanarane skaut flyet ned søndag. Frå Moskva kom òg sterke krav om at USA må grunngi kvifor dei bestemte seg for å skyte ned den syriske jagaren.

– Kommandosentralen til koalisjonsstyrken nytta ikkje dei etablerte kommunikasjonskanalane for å hindre hendingar i det syriske luftrommet, uttaler det russiske forsvarsdepartementet.

– Kollektivt sjølvforsvar

Pentagon stadfestar at eit amerikansk F18 kampfly skaut ned eit syrisk kampfly av typen SU22 nær den syriske byen Tabqa søndag.

Ifølgje amerikanske talsmenn vart flyet skote ned etter at det hadde sleppt bomber nær USA-støtta SDF-opprørarar i området.

Pentagon hevdar flyet vart skote ned "i kollektivt sjølvforsvar av styrkar frå koalisjonspartnarar" og stadfestar at det er første gong dei har skote ned eit syrisk fly. Pentagon strekar under at USA ikkje har gått til krig mot president Bashar al-Assad og det syriske regimet.

– Koalisjonen har som oppdrag å nedkjempe IS i Irak og Syria. Koalisjonen ønskjer ikkje å kjempe mot det syriske regimet, russiske styrkar eller andre som kjempar saman med regimet, men vi vil ikkje nøle med å forsvare koalisjonen eller samarbeidande styrkar mot alle truslar, heiter det i kunngjeringa.

Russland fordømmer

Russlands viseutanriksminister Sergej Riabkov fordømmer nedskytinga.

– Dette angrepet må sjåast på som eit framhald av den amerikanske linja om å sjå bort frå normene i folkeretten. Kva er dette om ikkje ei aggressiv handling? sa Riabkov i Moskva måndag, ifølgje Tass. Han sa òg at nedskytinga "er til hjelp for terroristane som USA kjempar mot".

Syria protesterer

Syria protesterer kraftig både på nedskytinga av SU22-flyet og angrepet mot dei regjeringsvennlege styrkane sør for Tabqa og kallar det "ei skamlaus og aggressiv handling".

– Den såkalla internasjonale alliansen angreip i dag eit fly over Rasafa-området sør i Raqqa-provinsen da det var på oppdrag for å angripe terroristane i IS, heiter det i ei kunngjering frå den syriske forsvarsleiinga.

Ifølgje kunngjeringa har dei syriske regjeringsstyrkane og deira allierte hatt framgang i kampen mot IS langs fleire frontar i ørkenområdet som strekkjer seg frå det sentrale Syria og til grensa mot Irak og Jordan, dei siste månadene. Uavhengige kjelder stadfestar dette.

Ifølgje den syriske eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) er det eigentlege målet til dei syriske regjeringsstyrkane Deir al-Zor.

– Regimet prøver å nå oljeprovinsen Deir al-Zor gjennom Raqqa, seier Rami Abdulrahman i SOHR.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Oljefondet går inn i nytt klimasamarbeid

Noreg blir med i ei internasjonal gruppe som skal lage ein «gullstandard» for korleis store fond kan bidra til å fremje klimavennlege investeringar. 

Moore kom til vallokalet til hest

President Donald Trumps favoritt i suppleringsvalet i Alabama, den overgrepsskulda eksdommaren Roy Moore, kom til vallokalet til hest tysdag. 

400.000 barn truga av sveltedød i Kongo

Over 400.000 barn under fem år i Kongo er no så underernærte at dei står i fare for å døy av svolt innan få månader, åtvarar FNs barnefond UNICEF.

Stoltenberg varslar endringar i Nato 

Jens Stoltenberg opplever at han har fått eit forsterka mandat som generalsekretær i Nato. No vil han fornye alliansen. 

William og Harry ventast på den raude løparen under Star Wars-premieren

Dei britiske prinsane William og Harry er venta på Europa-premieren på «Star Wars: The Last Jedi». Dei to skal ha statistroller i filmen.

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.