Dansk ubåteigar sikta for drap

Eigaren av den privatbygde ubåten som sokk i Danmark fredag, er siktet for drap på ei svensk kvinne, opplyser dansk politi.
utenriks

Visepolitiinspektør Jens Møller stadfestar siktinga mot Peter Madsen seint fredag ettermiddag. Ei svensk kvinne som var med i ubåten, har vore sakna sidan torsdag.

Madsen, ein dansk oppfinnar som ved hjelp av andre ubåt-entusiastar bygde den 18 meter lange ubåten, blei berga i land av eit redningshelikopter fredag formiddag.

Dansken blei seinare på dagen arrestert, men nektar straffskuld. Madsen hevdar han slapp den svenske kvinna av ubåten ved 22.30-tida torsdag kveld, skriv politiet på Twitter.

Det var kjærasten til kvinna som kontakta politiet og melde henne sakna.

(©NPK)