Familie på fem knust under søppelbil i Tyskland

Ein familie på fem, blant dei to små barn, døydde då ein søppelbil velta over ein personbil i småbyen Nagold i Sør-Tyskland fredag.

Alle av offera sat i bilen som blei knust av søppelbilen, opplyser politiet i delstaten Baden-Württemberg. Blant dei omkomne er ein babygut som berre var få veker gammal, ei to år gammal jente, deira 25 år gamle mor og 22 år gamle far. Det femte dødsofferet var den 17 år gamle systera til mora.

Dei fem blei alle erklært døde på ulukkesstaden, som ligg rundt tre mil sørvest for Stuttgart.

Føraren av søppelbilen og medarbeidaren hans skal ha blitt lettare skadde. Dei blei begge tatt hand om på sjukehus. Årsaka til ulukka kan ha vore ein teknisk feil på søppelbilen, opplyser politiet i Karlsruhe.

Ulukka skjedde tidleg fredag ettermiddag. Dei foreløpige undersøkingane til politiet tyder på at søppelbilen velta etter å ha akselerert i ein sving på veg ut av eit industriområde i Nagold.

Bilde frå ulukkesstaden viser vraket av familiebilen i ei grøft ved vegen. Bilen blei fullstendig knust av det 26 tonn tunge køyretøyet.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Minst 65 drepne i moskéangrep i Afghanistan

Minst 65 menneske er drepne og over 50 er såra er i sjølvmordsangrep mot to moskear i Afghanistan.

Regionval i Catalonia i januar

Den spanske regjeringa og sosialdemokratane i PSOE er einige om å gjennomføre nyval i Catalonia i januar som ledd i prosessen med å ta sjølvstyret frå regionen.

Alvorleg for to medlemmer av forgifta dansk familie

Tilstanden er alvorleg for to medlemmer av den danske familien som ligg på sjukehus med det som truleg er soppforgifting. To barn i familien døydde torsdag.

TV4 tar programleiar av lufta etter skuldingar om seksuell trakassering

Den svenske TV4-profilen Martin Timell blir tatt av lufta etter skuldingar om at han i årevis har trakassert kvinnelege medarbeidarar seksuelt.

EU-rassia mot BMW

EU-kommisjonen gjennomførte denne veka ein rassia mot hovudkontoret til den tyske bilprodusenten BMW i München. 

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

Reguleringsplan for Lien Hyttegrend

Eigengodkjend for andre gong

Kommunestyret vedtok mot to stemmer igjen å eigengodkjenne reguleringsplanen for Lien Hyttegrend. Det førre vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen.

– Bli bøssebærar

– Meld dykk som bøssebærarar, er den klare oppmodinga frå aksjonskomiteen for TV-aksjonen.