Meiningsmåling: Gjer Obamacare meir effektiv

Kun 3 av 10 amerikanarar meiner at presidenten burde jobbe vidare for å erstatte den eksisterande helsereforma, ifølgje ei ny meiningsmåling. 

Resultata av meiningsmålinga, gjort av uavhengige Kaiser Family Foundation, blei lagt fram fredag.

1.211 amerikanske vaksne har svart på spørjeundersøkinga, som blei gjennomført i etterkant av at eit fleirtal i Senatet i slutten av juli sa nei til å skrote det førebels siste utkastet til ein ny helseplan.

Ønsket til president Donald Trump om å erstatte helsereforma til forgjengar Barack Obama, også kjent som Obamacare, er noko han burde legge på is, ifølgje resultatet av meiningsmålinga. Nesten 4 av 5 av dei spurde svarer at dei vil at administrasjonen til presidenten burde gjennomføre tiltak for å sikre at Obamacare fungerer skikkeleg, heller enn å undergrave reforma.

Trump har blant anna trua med å stanse lovpålagde utbetalingar til forsikringsselskap, med mindre lovgivarane opphevar og erstattar Obamacare.

Kun 3 av 10 svarer at dei ønskjer at Trump og republikanarane skal jobbe vidare for å oppheve og erstatte helsereforma. Eit fleirtal meiner også at det var riktig av Senatet å seie nei til det førebels siste utkastet.

Samtidig svarer 6 av 10 republikanarar og Trump-støttespelarar at dei meiner administrasjonen burde jobbe vidare for å oppfylle slagordet «opphev og erstatt».

Meiningsmålinga blei gjennomført mellom 1. og 6. august. Feilmarginen er på inntil 3 prosentpoeng.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Hushjelper i Qatar får rettsvern mot lange arbeidsdagar

Qatar har vedtatt ei lov som skal sikre at hushjelper, barnepassarar og private kokkar ikkje treng å arbeide meir enn ti timar om dagen.

Sju drepne i sjølvmordsangrep sør i Afghanistan

Sju personar er drepne og 42 såra i eit bilbombeangrep i Helmand-provinsen sør i Afghanistan, ifølgje lokale styresmakter. Mange av offera skal ha vore sivile.

Dansk politi trur Walls kropp vart utstyrt med metall for at liket skulle søkke 

Dansk politi seier dei har funnet størkna blod frå Kim Wall i ubåten til Peter Madsen og at liket var utstyrt med metall for at det skulle søkke.

Nord-Korea legg fram ny rakettplan 

Nord-Korea har lagt fram planar for ei opptrapping av rakettprogrammet i landet. Regimet skal blant anna vere i gang med produksjon av ein ny rakettmodell. 

– Ei stor ære

Det seier Roger Furset, som søndag blei utnemnt til æresmedlem i Storfjordens Venner.

Monja Mjelva ved Hotel Union Geiranger:

Medlem i nytt samarbeidsråd for kultur og reiseliv

Ei av oppgåvene til den nye meiningsgruppa blir å gje råd til regjeringa, som ønskjer å lokke fleire kulturturistar til Norge.

Cruisetrafikken og Geiranger

Ministermøte

Ordførar Jan Ove Tryggestad og representantar frå Stranda Hamnevesen skal møte klima- og miljøministeren 12. september.

Stranda Feriesenter

Vil ha saka opp på ny

Siste ord om avslag på søknad om næringsstøtte til arkeologisk undersøking er ikkje sagt.

Fjord Trail Race

Stor innsats av Røde Kors

Røde Kors i Stranda hadde 31 frivillige på plass under Fjord Trail Race.

I regn og skodde

Imponerande tider i regnet

Jonathan Albon frå Bergen og England vann det lange Fjord Trail Race.

Matfestivalen

Er du ein matgründer?

Fylkesmannen ønskjer å delta i mobiliseringa av fleire lokalmatprodusentar.