Kriminelle skal ha stått bak tusenvis av dataangrep i Sverige

Ei gruppe kriminelle er tiltalt for fleire tusen dataangrep mot mellom anna selskap og kommunar i Sverige. Gruppa skal ha svindla til seg mange millionar.

Kringkastaren SVT karakteriserer saka som ei av dei største i sitt slag i Sverige.

Dataangrepa skjedde i 2015 og 2016, ifølgje tiltalen. Dei mistenkte blir skildra som åtte yrkeskriminelle frå ulike land som har operert frå Sverige.

Gruppa skal ha stått bak bedrageri for ein utrekna verdi på over 40 millionar kroner. Fleire bankar, kommunar, det svenske Skolverket, Lunds universitet og Storstockholms brandförsvar står på lista over dei som er ramma. Etter det SVT kjenner til, kan også eit politisk parti vera blant offera.

Sjølv om gruppa har operert frå Sverige, skal nokre av dataangrepa ha vore retta mot mål i andre land. Svensk politi har stått i spissen for ei internasjonal etterforsking av saka.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Tyrkia krev grundig gransking av Nato-øving i Stavanger

Tyrkiske styresmakter krev gransking av kommandolinjene under Nato-øvinga i Stavanger der president Recep Tayyip Erdogan vart framstilt som ein fiende.

Irak vil sende familiane til framandkrigarane tilbake til heimlanda

Styresmaktene i Irak vil sende fleire hundre nære familiemedlemmer til utanlandske IS-krigarar tilbake til heimlanda.

Kenyas høgsterett utropar Kenyatta til valvinnar

Kenyas høgsterett utropar president Uhuru Kenyatta til vinnar av valet. Dommarane forkastar klagen frå opposisjonsleiar Raila Odingas tilhengarar.

Høgsterett: Kurdisk folkeavstemming var grunnlovsstridig

Folkeavstemminga til kurdarane om sjølvstende i Nord-Irak var grunnlovsstridig, slår høgsterett i landet fast.

CNN: Robert Mugabe gir etter og går av

Zimbabwes mangeårige president Robert Mugabe går med på å trekkje seg, opplyser ei kjelde med kjennskap til forhandlingane til CNN.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember