IS-kolonne frå Libanon framme i IS-kontrollert område aust i Syria

Ein kolonne med IS-krigarar med familiar som forlét Libanon i august, har fått lov til å køyre inn i eit IS-kontrollert område ved Deir al-Zor aust i Syria.

Det melder eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR). Eksilgruppa opplyser at kolonnen kom til provinsen Deir al-Zor onsdag.

Kolonnen med fleire hundre menneske forlét grenseområda mellom Syria og Libanon i slutten av august som ledd i ein våpenkvileavtale med den libanesiske Hizbollah-militsen, som kjempar for Assad-regimet i krigen.

IS-krigarane fekk lov til å evakuere dei tidlegare IS-kontrollerte grenseområda mot at dei sette fri fanga Hizbollah-krigarar og røpa staden der fleire drepne libanesiske soldatar låg gravlagde.

Men den USA-leidde koalisjonen har vore svært kritisk til avtalen. Dermed vart kolonnen ståande fast i ørkenen i Syria som følgje av amerikanske flyangrep som hindra den i å køyre vidare. IS-krigarar som har bevegd seg for langt frå kolonnen, er blitt angripne av amerikanske dronar.

I førre veke opplyste den USA-leidde koalisjonen at dei ville avslutte droneovervakinga av kolonnen og la bussane køyre vidare på oppmoding frå Russland.

Ifølgje SOHR har kolonnen bestått av elleve køyretøy som har frakta 200 IS-krigarar og like mange sivile. Målet for kolonnen har vore den IS-kontrollerte byen Albukamal på grensa til Irak. Byen ligg i provinsen Deir al-Zor.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Volvo skal levera titusenvis av sjølvkøyrande bilar til Uber

Volvo skal selja opp mot 24.000 førarlause bilar til skysstenesta Uber. 

CNN: Moglege lydar frå sakna argentinsk ubåt

Den argentinske marinen har kanskje fanga opp lydar frå ein ubåt som har vore sakna sidan onsdag, fortel CNN. Ubåten har 44 personar om bord.

SPD opnar for nyval i Tyskland – seier nei til ny storkoalisjon

Sosialdemokratiske SPD avviser moglegheita for ein ny storkoalisjon i Tyskland og opnar for nyval. 

Tyrkia krev grundig gransking av Nato-øving i Stavanger

Tyrkiske styresmakter krev gransking av kommandolinjene under Nato-øvinga i Stavanger der president Recep Tayyip Erdogan vart framstilt som ein fiende.

Irak vil sende familiane til framandkrigarane tilbake til heimlanda

Styresmaktene i Irak vil sende fleire hundre nære familiemedlemmer til utanlandske IS-krigarar tilbake til heimlanda.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember