Trump underteikna presidentordre om Obamacare

USAs president Donald Trump har underteikna ein presidentordre som skal føra til endringar i helsereforma Obamacare.

Republikanarane har lenge teke til orde for å fjerna Obamacare, men dette har dei så langt ikkje klart, trass i at dei har fleirtal i Kongressen.

Torsdag prøvde Trump seg på ein ny vri: Han underteikna eit presidentdirektiv som gjer det mogleg å omgå Kongressen. Direktivet vil ikkje fjerna Obamacare, men føra til endringar i ordningane for helseforsikringar.

– Folk kjem til å kunna kjøpa forsikringar i andre delstatar. Dei kjem til å få fantastiske, konkurranseutsette helseforsikringar og det kjem ikkje til å kosta USA noko, sa Trump nyleg til CNN.

Planen skal etter det som blir sagt gje fleire brukarar tilgang til ei mindre omfattande, men også billegare, forsikringsordning enn den som er i dag.

Men endringane vil ikkje få effekt før tidlegast i 2019, ifølgje nyheitsbyrået AP. Kritikarar meiner endringane vil føra til større helseutgifter for personar med alvorlege sjukdommar.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Minst 65 drepne i moskéangrep i Afghanistan

Minst 65 menneske er drepne og over 50 er såra er i sjølvmordsangrep mot to moskear i Afghanistan.

Regionval i Catalonia i januar

Den spanske regjeringa og sosialdemokratane i PSOE er einige om å gjennomføre nyval i Catalonia i januar som ledd i prosessen med å ta sjølvstyret frå regionen.

Alvorleg for to medlemmer av forgifta dansk familie

Tilstanden er alvorleg for to medlemmer av den danske familien som ligg på sjukehus med det som truleg er soppforgifting. To barn i familien døydde torsdag.

TV4 tar programleiar av lufta etter skuldingar om seksuell trakassering

Den svenske TV4-profilen Martin Timell blir tatt av lufta etter skuldingar om at han i årevis har trakassert kvinnelege medarbeidarar seksuelt.

EU-rassia mot BMW

EU-kommisjonen gjennomførte denne veka ein rassia mot hovudkontoret til den tyske bilprodusenten BMW i München. 

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

Reguleringsplan for Lien Hyttegrend

Eigengodkjend for andre gong

Kommunestyret vedtok mot to stemmer igjen å eigengodkjenne reguleringsplanen for Lien Hyttegrend. Det førre vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen.

– Bli bøssebærar

– Meld dykk som bøssebærarar, er den klare oppmodinga frå aksjonskomiteen for TV-aksjonen.