USA og Israel trekkjer seg frå Unesco

USA og Israel trekkjer seg frå Unesco og grunngjev utmeldinga med at organisasjonen er antiisraelsk og treng omfattande reformer.

Unesco er FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, og har mellom anna ansvar for verdsarvlista.

Utanriksdepartementet i Washington varsla torsdag at USA trekkjer seg frå organisasjonen. Nokre timar seinare opplyste Israels statsminister Benjamin Netanyahu at dei gjer det same.

– I dag er ein ny dag i FN, der det er ein pris å betala for diskriminering av Israel, seier den israelske FN-ambassadøren Danny Danon.

I den amerikanske grunngjevinga for utmeldinga blir Unesco skulda for å vera partisk og antiisraelsk. I staden for å vera medlem, ønskjer USA no status som permanent observatør.

Reagerer sterkt

Avgjerda til USA kjem truleg av at president Donald Trump vil visa at han støttar Israel, meiner François Heisbourg ved den britiske tankesmia International Institute for Strategic Studies.

Han knyter også utmeldinga til Trumps «USA først»-politikk.

– Unesco er ein nokså liten organisasjon, han dreier seg ikkje om viktige interesser. Og Unesco har gått mykje lengre enn andre FN-organisasjonar i å godkjenna dei palestinske styresmaktene, seier han.

UNESCOs leiar Irina Bokova reagerer sterkt på utmeldinga til USA og seier den er eit tap for FN-familien og for det fleirnasjonale samarbeidet.

– Eg ønskjer å uttrykkja eit djup vemod over at USA har vedteke å trekkja seg frå Unesco, seier ho

Ho meiner at USA og Unesco treng kvarandre meir enn nokon gong som følgje av aukande ekstremisme og terror, noko som skapar behov for langsiktige løysingar for å skapa fred og tryggleik.

– Tragisk

Boko forsvarer også UNESCOs rykte og viser til at organisasjonen kjempar for å spreia kunnskap om jødeutryddinga under den andre verdskrigen og at Unesco utdannar lærarar til å kjempa mot antisemittisme.

Generalsekretær Mats Djurberg ved svenske Unesco karakteriserer utmeldinga til USA som tragisk.

– Vi treng eit sterkt USA i det multilaterale systemet. Vi ser at UNESCOs mandat er viktigare enn nokon gong. Vi treng eit USA som står opp for pressa, ytringsfridomen, vitskap, utdanning og mot ekstremisme, mange av dei spørsmåla som er aktuelle i dag, seier Djurberg til nyheitsbyrået TT.

Palestina blei medlem

USA har meldt seg ut av Unesco ein gong før, i 1984. Men i 2002 vedtok dåverande president George W. Bush å melda landet inn igjen.

I 2011 slutta USA å gje pengar til Unesco etter at organisasjonen lèt Palestina bli medlem. I dag skuldar USA 550 millionar dollar i kontingent.

Det amerikanske utanriksdepartementet har likevel halde fram med å ha eit kontor ved UNESCOs hovudkvarter i Paris, samtidig som USA har prøvd å påverka politikken til organisasjonen frå innsida.

Regjeringa til Trump har arbeidd med å førebu utmeldinga i fleire månader, og det var venta at USA ville trekkja seg før årsskiftet. Torsdag blei det opplyst at utmeldinga trer i kraft 31. desember.

Unesco er aller mest kjend for å ha ansvar for verdsarvlista, men blant dei viktigaste ansvarsområda er også retten jenter har til utdanning i fattige land og pressefridom.



(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Kvinner krev gransking av Trump

Fleire kvinner som tidlegare har skulda president Donald Trump for seksuell trakassering, gjentek skuldingane og krev kongressgransking.

Titusenvis demonstrerer mot Trumps Jerusalem-avgjerd i Beirut

I Beirut deltek titusenvis i ein Hizbollah-demonstrasjon mot president Donald Trumps avgjerd om å anerkjenne Jerusalem som Israels hovudstad.

Politiet kallar bomba i New York ei terrorhandling

Røyrbombeeksplosjonen i New York var ei terrorhending, slår politiet og styresmaktene i byen fast. Fire personar blei såra, inkludert gjerningsmannen.

Skadd mann arrestert etter at røyrbombe gjekk av på perrong i New York – tre såra

Ein person er arrestert etter å ha blitt skadd av si eiga røyrbombe, som gjekk av på perrongen på ein undergrunnsstasjon i New York. Tre andre blei såra.

Peter Madsen blir varetektsfengsla i fire nye veker

Den danske ubåtkapteinen Peter Madsen går frivillig med på varetektsfengsling i ytterlegare fire veker.

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.

Gerhard B. Relling med minne frå Stranda

Leiken etter snøfall på 1960-talet

Problem i trafikken

Snøkava held fram