Over 4.000 juristar i opprop mot overgrep og trakassering i Sverige

#metoo-opprøret held fram i Sverige. No stiller 4.446 kvinnelege juristar seg bak eit nytt opprop og fortel om overgrep innan rettsvesenet.

Oppropet frå kvinnene har fått emneknaggen #medvilkenrätt og vart publisert i Svenska Dagbladet tysdag.

– Det burde vere spesielt viktig innan ein profesjon som skal vere djupt engasjert i rettferd og like rettar for alle. Representerer ein lova, er det på sin plass å verne om henne, skriv juristane i oppropet.

Då initiativet vart tatt, kom det inn fleire hundre vitnesbyrd på eit døgn. Der vart det retta skuldingar mot blant anna dommarar, statsadvokatar, leiarar og partnarar i advokatfirma.

– Det massive trykket gjorde at vi vart tvinga til å setje ei grense for innkomne bidrag allereie natta etter at oppropet starta. Tre døgn etter har fleire tusen kvinner, frå alle delar av juristbransjen og i alle aldrar, slutta seg til oppropet, heiter det.

Mange kvinner har fortalt om korleis dei blir prøvd redusert til sexobjekt på arbeidsplassen. Andre har fortalt om valdtekt og andre seksuelle overgrep. Ei kvinne fortel at ho var på middag hos ein mannleg forelesar ved ein av Sveriges juristutdanningar. Ho sovna på sofaen og vakna visstnok av at han valdtok henne.

Ein mannleg statsadvokat vert skulda for å ha telefontrakassert ei kvinne, kalla henne «hore» og «fitte», trua med vald og med å øydeleggje karrieren hennar. Ein tingrettsdommar ville ha betalt for karrieretips i oralsex, fortel ei annan kvinne.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Merkel: – Heller nyval enn mindretalsregjering

Tysklands statsminister Angela Merkel seier ho heller vil ha nyval enn å leia ei mindretalsregjering.

Volvo skal levera titusenvis av sjølvkøyrande bilar til Uber

Volvo skal selja opp mot 24.000 førarlause bilar til skysstenesta Uber. 

CNN: Moglege lydar frå sakna argentinsk ubåt

Den argentinske marinen har kanskje fanga opp lydar frå ein ubåt som har vore sakna sidan onsdag, fortel CNN. Ubåten har 44 personar om bord.

SPD opnar for nyval i Tyskland – seier nei til ny storkoalisjon

Sosialdemokratiske SPD avviser moglegheita for ein ny storkoalisjon i Tyskland og opnar for nyval. 

Tyrkia krev grundig gransking av Nato-øving i Stavanger

Tyrkiske styresmakter krev gransking av kommandolinjene under Nato-øvinga i Stavanger der president Recep Tayyip Erdogan vart framstilt som ein fiende.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember