Arrestordre mot Argentinas ekspresident

Ein argentinsk dommar har skrive ut arrestordre på ekspresident Cristina Kirchner, som blir skulda for å ha skjult Irans rolle i angrepet mot eit jødisk senter.

Dommar Claudio Bonadio gav torsdag ordre om at det skal reisast tiltale mot Kirchner, og at ho skal varetektsfengslast og miste sin parlamentariske immunitet.

Skuldingane er baserte på ein rapport som aktor Alberto Nisman leverte fire dagar før han vart funnen drepen med eit skot i hovudet.

Fleire av Kirchners tidlegare ministrar er også arresterte i saka, ifølgje avisa La Nación, som siterer kjelder i rettsstellet.

85 menneske vart drepne og fleire hundre såra i bombeangrepet mot det jødiske foreiningslokalet AMIA i Buenos Aires i 1994.

Ikkje fastslått

Det er aldri fastslått kven som stod bak bombinga, men Iran og libanesiske Hizbollah er blant dei som er utpeikte.

Argentinske etterforskarar undersøkjer no om det vart inngått ein intensjonsavtale med Iran då Kirchner var president, som ledd i ein plan om å dekke over rolla landet spelte i terrorangrepet.

Kirchner er tidlegare skulda for å ha dekt over Irans påståtte rolle, men ein argentinsk dommar fastslo i 2015 at det ikkje låg føre bevis for dette.

– Samla er bevisa langt frå å oppfylle minimumsstandarden, heitte det då.

64 år gamle Kirchner kallar skuldingane «absurde».

Politisk comeback

Kirchner har vore etterforska i fleire ulike korrupsjonssaker sidan ho gjekk av som president for to år sidan.

Kirchner gjorde nyleg comeback i politikken då ho vann ein plass i det argentinske senatet i valet i oktober.

Ho tok over presidentvervet i 2007 med løfter om å fortsette oppryddinga i økonomien som ektemannen og forgjengaren Nestor Kirchner starta fire år tidlegare då han arva eit land i djup økonomisk krise og kaos.

(©NPK)

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Oljefondet går inn i nytt klimasamarbeid

Noreg blir med i ei internasjonal gruppe som skal lage ein «gullstandard» for korleis store fond kan bidra til å fremje klimavennlege investeringar. 

Moore kom til vallokalet til hest

President Donald Trumps favoritt i suppleringsvalet i Alabama, den overgrepsskulda eksdommaren Roy Moore, kom til vallokalet til hest tysdag. 

400.000 barn truga av sveltedød i Kongo

Over 400.000 barn under fem år i Kongo er no så underernærte at dei står i fare for å døy av svolt innan få månader, åtvarar FNs barnefond UNICEF.

Stoltenberg varslar endringar i Nato 

Jens Stoltenberg opplever at han har fått eit forsterka mandat som generalsekretær i Nato. No vil han fornye alliansen. 

William og Harry ventast på den raude løparen under Star Wars-premieren

Dei britiske prinsane William og Harry er venta på Europa-premieren på «Star Wars: The Last Jedi». Dei to skal ha statistroller i filmen.

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.