Hundrevis av ettersøkte nynazistar på frifot i Tyskland

Over 500 nynazistar er ettersøkte av politiet i Tyskland, men på frifot. Mange av dei er sikta eller mistenkte for politisk motiverte valdshandlingar.
utenriks

Av dei 501 ettersøkte nynazistane, er det tatt ut sikting for «politisk motiverte brotsverk» mot 108. Ytterlegare 114 er etterlyste, mistenkte for valdshandlingar, opplyser innanriksdepartementet i landet.

Tyskland har strenge lover som forbyr bruk av nazistiske symbol som hakekors, men nynazistar gjennomfører likevel ofte demonstrasjonar.

(©NPK)