Minst 70 drepne i samanstøyt i Sør-Sudan

Minst 70 personar er drepne og 80 såra i harde kampar mellom to stammegrupper i Sør-Sudan, ifølgje lokale styresmakter.
utenriks

Årsaka til sammenstøyta i delstaten Lakes skal vere kamp om vassressursar og beiteområde.

– 70 menneske er stadfesta drepne på begge sider og over 80 er såra med skotskadar, opplyser informasjonsministeren i delstaten, James Riak Deng.

Kvegtjuveri og kamp mellom rivaliserande stammer av nomadar og fastbuande om tilgjenge til vasskjelder og beiteområde er ikkje uvanleg i Sør-Sudan, der begge sider av slike konfliktar som oftast ber automatvåpen.

I tillegg er titusen drepne og rundt 4 millionar drivne på flukt i borgarkrigen som har herja landet sidan 2013.

(©NPK)