Dronning Elizabeth gir gode råd om bruk av krone

Dronningar har også sitt å stri med, og britanes dronning Elizabeth gir no gode råd om bruk av krone. 
utenriks

– Sjå ikkje ned, åtvarar den 91 år gamle dronninga. Hennar eiga krone veg 1,3 kilo og det er derfor fort gjort å brekke nakken, fortel ho.

Imperial State-krona blei laga til kroninga av Elizabeths far, kong Georg VI, i 1937. Utanom 3.000 diamantar er den også dekt med hundrevis av safirar, smaragdar og perler.

Dronning Elizabeth bar den sjølv då ho blei krona i 1953.

– Faren min og eg har heldigvis omtrent same hovudfasong, fortel dronninga i eit intervju med BBC.

– Når du først har fått den på, så sit den der, fortel ho.

– Du kan ikkje sjå ned for å lese taler, dei må du løfte opp. For om du ser ned, vil nakken brekke og krona falle av, fortel ho smilande.

– Så det er visse ulemper med slike kroner, men elles så er dei jo ganske viktige, legg ho til.

Den gulldekorerte hestevogna som blei nytta under kroningsseremonien i 1953, er heller ikkje noko særleg komfortabel, medgir dronning Elizabeth.

– Den er forferdeleg og i det heile ikkje meint for å reise rundt i, seier ho i intervjuet.

(©NPK)