USA-ambassadør trekkjer seg i protest mot Trump

USAs ambassadør i Panama, John Feeley, trekkjer seg i protest mot president Donald Trump.
utenriks

– Eg har avlagt eid på at eg trufast og upolitisk skal tene presidenten og administrasjonen hans, sjølv når eg kanskje ikkje er einig i politikken som blir ført. Eg blei instruert om å trekkje meg dersom eg ikkje lenger kunne gjere dette, og no er tida inne, skriv han i oppseiingsbrevet sitt til amerikansk UD, som The Guardian har fått tilgang til.

Ei talskvinne for departementet stadfestar at Feeley forlèt posten som ambassadør «av personlege årsaker».

Statssekretær Steve Goldstein understrekar at Feeleys avgang ikkje har noko å gjere med Trumps fråsegn denne veka, der han kalla Haiti, El Salvador og fleire afrikanske land «dritland».

(©NPK)