Arrestordre mot Assange blir halden oppe

Ein britisk dommar har for andre gong bestemt at arrestordren mot grunnleggjaren av WikiLeaks Julian Assange blir halden oppe.
utenriks

Dommar Emma Arbuthnot lèt seg tysdag ikkje overtyde av argumenta til advokatane til Assange. Dei meiner arrestordren bør opphevast fordi det ikkje lenger er i allmugens interesse å halden den oppe.

Assange er ettersøkt i Storbritannia fordi han braut vilkåra for ei prøvelauslating i 2012. Han søkte då tilflukt i ambassaden til Ecuador i London, der han har halde seg sidan.

Arbuthnot vurderte også situasjonen til australiaren i førre veke, og konklusjonen då blei den same. Advokatane til Assange har argumentert med at den britiske arrestordren bør opphevast sidan overgrepssaka mot Assange i Sverige er droppa.

Svensk påtalemakt ønskte tidlegare å få Assange utlevert, noko som var bakgrunnen for at han blei arrestert i Storbritannia.

Assange har avvist overgrepsskuldingane og kalla dei ein svertekampanje. Han har uttrykt frykt for at han kunne bli sendt vidare til USA om han først blei utlevert til Sverige.

I USA risikerer han å bli tiltalt for å ha offentleggjort store mengder hemmelege amerikanske dokument.

(©NPK)