Ekspresidenten i Guatemala arrestert 

Ekspresident i Guatemala Alvaro Colom og ni ministrar i den tidlegare regjeringa hans er arresterte og sikta for korrupsjon, ifølgje påtalemakta i landet.
utenriks

Colom blei arrestert i eigen heim i hovudstaden Guatemala by tysdag, opplyser leiaren for Økokrimi landet, Juan Francisco Samdoval.

Han og eksministrane er skulda for å bedrageri og underslag i samband med innkjøp av hundrevis av bussar som skulle setjast i trafikk i hovudstaden i 2009.

Fire selskap fekk 25 år lange kontraktar på å drive transporttenestene.

Colom var president frå 2008 til 2012. Han blei avløyst av Oscar Perez, som er varetektsfengsla i vente av å bli stilt for retten. Også han er sikta for korrupsjon, men i samband med ei anna sak.

(©NPK)