Tidlegare antikorrupsjonssjef i Egypt arrestert

Tidlegare antikorrupsjonssjef i Egypt Hesham Genena er arrestert og frakta til avhøyr, i forkant av valet neste månad.
utenriks

Gena blei arrestert i heimen sin i ein forstad til Kairo tysdag, stadfestar advokaten hans Ali Taha.

Arrestasjonen fann stad dagen etter at hæren sende ut ei utsegn der det heitte at den skal sikre si «ære og verdigheit» som følgje av utsegn som Genena kom med.

Genena sa til statleg fjernsyn denne veka at generalløytnant Sami Anan, som var stabssjef i hæren frå 2005 til 2012 og som i førre månad varsla at han ville stille som kandidat til valet, er i rådvelde av dokument der det blir retta skuldingar mot «leiarskapen» i landet.

Genena sa at dokumenta er i trygg forvaring i utlandet og at dei blir publisert om det skjer noko med Anan.

Anan blei arrestert i førre månad, berre nokre dagar etter at han varsla at han ønskte å delta i presidentvalet. Hæren har uttalt at Anan er sikta blant anna for forfalsking.

Genena skulle vere ein av dei to viktigaste valkamprådgivarane til Anan.

Arrestasjonen av Genena tysdag var den siste i ein rekke tilsvarande arrestasjonar i oppløpet til valet, i det som ser ut til å vere president Abdel Fattah al-Sisis forsøk på å slå ned på meiningsmotstandarar.

Sisi er nærmast garantert å vinne valet i mars, sidan den einaste utfordraren no er ein ukjent politikar som også er ein av dei største tilhengjarane til Sisi.

(©NPK)