Tillerson: Tyrkisk offensiv i Syria skadar kampen mot IS

Utanriksminister i USA Rex Tillerson kritiserer den tyrkiske militæroperasjonen mot kurdiske område i Syria for å ta merksemda bort frå kampen mot IS.
utenriks

– Dei har gått bort frå kampen vår for å slå ned Den islamske staten aust i Syria, sa Tillerson under eit besøk i Kuwait tysdag.

– Styrkar er blitt omdirigerte derfrå til Afrin, la han til.

Tyrkia har innleidd ein offensiv mot USA-støtta kurdiske styrkar i den kurdiskkontrollerte enklaven Afrin i Nord-Syria.

Ein reknar framleis med at Jihadistar frå IS oppheld seg i avsidesliggjande lommer aust i Syria etter at dei blei drivne bort frå byar og andre tett busett stadar i fjor.

(©NPK)