Forskar: Assad har skjønt at Vesten helst vil ha stabiliteten hans

Dei vestlege landa strevar med å sjå alternativ til Assad-regimet i Syria, meiner forskar. Rakettangrepa i helga har neppe svekt makta til presidenten.
utenriks

I den syriske hovudstaden Damaskus feira folk måndag måten president Bashar al-Assad har handtert rakettangrepet på.

På statleg TV vart det vist bilete av fleire hundre menneske som vifta med flagg og sende opp fyrverkeri. Feiringa var meint som ein hyllest til motstanden Bashar al-Assad hadde vist mot USA, Storbritannia og Frankrike, som natt til laurdag angreip syriske militæranlegg.

Forskar Kjetil Selvik ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi) trur ikkje angrepet verken har styrkt eller svekt Assads grep om makta.

– Han kan bruke det i propagandaen sin, men det endrar ikkje noko grunnleggjande i konflikten, seier han til NTB.

Trusselen frå IS

Ifølgje Selvik sit Assad med eit inntrykk av at vestlege land er villige til å godta regimet hans – sjølv om det ofte blir sterkt kritisert.

Ein av grunnane er trusselen frå den ytterleggåande islamistgruppa IS, som tidlegare kontrollerte store delar av Syria.

– Assad har for lengst skjønt at Vesten heller vil ha stabiliteten hans enn IS og flyktningstraumar mot Europa, seier Selvik.

Nupi-forskaren understrekar at det er delte meiningar om saka både mellom og internt i dei vestlege landa. På sikt ønskjer dei seg framleis ein løysing der Assad mister makta.

– Men i praksis har dei vanskar med å sjå kva som er alternativet.

– Vil ikkje velte regimet

Ideelt sett kunne mange vestlege land ønskje seg ein politisk prosess der Assad-regimet går i reelle forhandlingar med den syriske opposisjonen. Ein slik prosess kunne etter kvart gitt landet ein ny leiar.

– Men når Russland motset seg dette, er ein ikkje villig til å gå inn og velte regimet, seier Selvik.

Rakettangrepa i helga var eit svar på den antatte bruken av kjemiske våpen i den syriske byen Douma. Både Storbritannia og Frankrike har gjort det klart at dei ikkje har gått til krig mot Assad eller prøvd å styrte han.

– Det er veldig viktig å understreke at dette ikkje var noko forsøk på å endre utviklinga i krigen i Syria for å få til eit regimeskifte eller for å bli kvitt Bashar al-Assad, sa den britiske utanriksministeren, Boris Johnson, måndag.

Han har erkjent at konsekvensen truleg blir at Syria-krigen «kjem til å gå sin gang».

– Overtalte Trump

USAs president Donald Trump ønskte seg eigentleg eit meir omfattande angrep på Syria, ifølgje avisa Wall Street Journal.

Forsvarsminister Jim Mattis skal ha overtydd han om å nøye seg med eit meir avgrensa angrep på syriske anlegg der det skal ha vore utvikla kjemiske våpen.

Mattis minte om faren for motangrep frå Iran og Russland, som er alliert med Assad. I forkant av rakettangrepet ymta russiske styresmakter frampå om at militæraksjonen kunne føre til krig mellom Russland og USA – noko som i ytste konsekvens kunne ha løyst ut ein tredje verdskrig.

Selvik trur òg at dei vestlege landa var urolege for konsekvensane eit større angrep kunne fått i Syria.

– Det kunne ha destabilisert dei områda av landet som i dag er stabile, seier han.




(©NPK)