Forskarar i opprop mot Svenska Akademien

Eit hundretals forskarar stiller seg bak eit opprop der Svenska Akademien blir skulda for ikkje å drive institusjonen på ein «verdig og adekvat» måte. 
utenriks

Oppropet, som er underteikna av forskarar innanfor mellom anna litteratur, språk og idéhistorie, vart publisert i avisa Dagens Nyheter måndag.

Forskarane uttrykkjer sterk uro over truverdet og framtida til Svenska Akademien i lys av skandalen rundt den overgrepsskulda såkalla kulturprofilen.

– Drivande krefter har valt i over tjue års tid å neglisjere skuldingar om seksuelle overgrep. Ein har uttrykkeleg late vere å bry seg om vitnesbyrd frå dei kvinnene som har fortalt om kva dei har vorte utsette for, og dyrka fram ein tagnadskultur som viser alle teikn på nepotisme, inhabilitet og vennskapskorrupsjon, heiter det i oppropet.

– Vi er tvinga til å konstatere at Svenska Akademien i den forma det har no, manglar legitimitet, og at dei attverande medlemmene ikkje greier å drive verksemda på ein verdig og adekvat måte, skriv dei vidare.

Kulturprofilen er ektemannen til poeten Karen Frostenson. Ho trekte seg fredag frå alle oppgåver i Svenska Akademien samtidig som den faste sekretæren Sara Danius gjekk av. Dei to har hatt støtte frå kvar si fløy i Akademien, som har i alt 18 medlemmer, og som mellom anna har ansvaret for å dele ut Nobels litteraturpris.

Forskarane krev òg at reformarbeidet som vart starta opp under Danius, blir drive vidare.

Laurdag gjekk òg 200 forfattarar saman i eit anna opprop der dei støttar Sara Danius og kritiserer det dei ser som sexisme, inhabilitet og maktmisbruk innan Svenska Akademien.


(©NPK)