Russland avviser tukling med bevis i Douma – våpeninspektørane enno ikkje framme

Russland avviser at landet hindrar OPCW i å undersøkje det antatte kjemiske angrepet i Douma i Syria. Men våpeninspektørane er enno ikkje på plass.
utenriks

Den britiske ambassaden i Haag i Nederland opplyste måndag at inspektørane frå Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW) framleis venta på å få reise inn i den tidlegare opprørsbastionen, som ligg nokre kilometer frå Damaskus.

Russlands viseutanriksminister Sergej Riabkov stadfestar at teamet enno ikkje har fått reise inn, og grunngir det med at dei manglar det rette FN-løyvet.

Både Russland og Syria har tidlegare sagt at OPCW skal få uhindra tilgang til Douma. Ifølgje ein resolusjon i FNs tryggingsråd har inspektørane mandat til å undersøkje om det vart brukt kjemiske våpen i eit angrep 7. april, og dessutan finne ut kva slags kjemikaliar som i så fall vart brukte.

Søndag uttalte ein syrisk tenestemann at inspektørane skulle byrje undersøkingane i byen etter at dei kom til Damaskus laurdag. Det vart òg meldt at ytterlegare 5.000 syriske tryggingsstyrkar var sendt til Douma, som no er tømd for opprørarar.

OPCW-møte

OPCW heldt måndag eit lukka møte i Haag for å diskutere situasjonen i kjølvatnet av at USA, Storbritannia og Frankrike angreip Syria natt til laurdag. Under møtet retta USAs representant peikefingeren mot russarane.

– Så vidt vi forstår, kan russarane ha besøkt åstaden for angrepet. Vi er uroa for at dei kan ha tukla med det for å hindre OPCWs innsats, sa USAs ambassadør til Nederland på møtet i Haag, ifølgje Reuters.

Det avviser likevel Russlands utanriksminister Sergej Lavrov.

– Eg kan garantere at Russland ikkje har tukla med staden, sa Lavrov da han måndag stilte opp i BBC-programmet Hardtalk.

Han avviste enda ein gong at Douma vart ramma av eit kjemisk angrep og hevda igjen at hendinga var iscenesett. Han sa òg at bevisa som USA, Storbritannia og Frankrike viser til, berre er baserte på meldingar i pressa og i sosiale medium.

– Grunnlause skuldingar

Også Dmitrij Peskov, talsmann for president Vladimir Putin, avviser skuldingane om at Russland hindrar inspektørane i å går i gang med undersøkingane sine.

– Vi reknar slike skuldingar mot Russland for å vere grunnlause, sa Peskov måndag og understreka at Russland støttar ei uavhengig gransking.

Russiske tenestemenn har òg forklart at forseinkinga kjem av rakettangrepet mot Syria natt til laurdag.

Dei tre vestlege landa angreip syriske militæranlegg med rakettar som svar på den antatte bruken av kjemiske våpen i Douma. Dei vestlege landa meiner det syriske regimet har brukt kjemiske våpen mot sivile i byen, noko regimet avviser.

– Mandatet må utvidast

OPCW-inspektørane kom til Syria laurdag, og dagen etter møtte dei den syriske viseutanriksministeren Faisal Mekdad i Damaskus. Deretter var det meininga at dei skulle reise vidare til Douma.

Regjeringa i Frankrike gir uttrykk for at OPCW bør få eit utvida mandat i Syria. På OPCW-møtet i Haag sa den franske ambassadøren Phillipe Lalliot at organisasjonen må få mynde til fullstendig å fjerne det Frankrike meiner er eit hemmeleg syrisk program for utvikling av kjemiske våpen.

Opprørskjelder og hjelpearbeidarar i Douma sa i byrjinga av april at over 40 menneske var drepne av giftig gass i byen, som på det tidspunktet var kontrollerte av opprørsgrupper.


(©NPK)