Vi må seie at vi forstår hakkespetten. Kven ville ikkje ha likt å hakke med ei slik utsikt?
            (Foto: Rita Rødset)

Vi må seie at vi forstår hakkespetten. Kven ville ikkje ha likt å hakke med ei slik utsikt?Foto: Rita Rødset

Hakkespetten må sjå seg om etter andre master

Stranda Energi håper at denne nye masta i Geiranger ikkje vil freiste hakkespetten like mykje som den gamle.

Fredag ettermiddag la Stranda Energi ut bilde på Facebook av ei ny mast som dei har sett opp i Geiranger.

Dei skriv at arbeidet med å skifte ut den gamle 22 kV-linja frå Korsmyra til Grande nærmar seg slutten, og dei håper no at hakkespetten finn seg noko anna å hakke på.

– Som ein kan sjå av bilda, er linja frå Korsmyra til Grande bygd med komposittstolpar. Dette er eit område vi lenge har vore plaga med hakkespett, og satsar no på at hakkespetten ikkje er så glad i dei nye stolpane, skriv selskapet på Facebook.

Ferdige med ein del

Nettsjef Terje Årdal fortel at dette berre er ein del av arbeidet dei har gjort i Geiranger.

– Vi er allereie ferdige på strekninga mellom Hotel Union og så langt 22 kV-linja går til Opplenskedal. Den delen vi har teke bilde av er frå Korsmyra, som er forbi Ørnesvingen og ned mot sjøen, seier han.

Årdal seier at dei var ferdige med strekninga Union-Opplenskedal for om lag ein månad sidan.

Prioriterer verdsarvbygda

Energiselskapet har valt å prioritere Geiranger, blant anna på grunn av lang utrykkingstid om det skulle skje noko. Ei anna av problemstillingane er at det ikkje går ferjer om natta.

– Vi har ikkje eigne folk der. Difor valde vi å prioritere Geiranger, og forsikre forsyninga der, slik at det blir minst mogleg feil, seier Årdal.

Utbetringane mellom Korsemyra og Grande var årsaka til at straumen var borte i nokre timar torsdag.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Kommunestyret vedtok torsdag å sende saka om legekontor på Hellesylt til handsaming i helse-, oppvekst- og kulturutvalet (HOK).

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune skal onsdag avgjere om rutehefta i fylket kun skal finnast digitalt.

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Stranda kommune fekk avslag på søknad om tilskott til breidbandsutbytting frå Nasjonal Kommunikasjonsmyndigheit (NKOM).

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

I helga kan alle som er interesserte i stjernehimmelen få med seg den årlege meteorsvermen Orionidene.

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

Reguleringsplan for Lien Hyttegrend

Eigengodkjend for andre gong

Kommunestyret vedtok mot to stemmer igjen å eigengodkjenne reguleringsplanen for Lien Hyttegrend. Det førre vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen.

– Bli bøssebærar

– Meld dykk som bøssebærarar, er den klare oppmodinga frå aksjonskomiteen for TV-aksjonen.