Cruiseskipet Albatros var på veg ut Geirangerfjorden då vi vitja Øvre Ljøen laurdag kveld.

Cruiseskipet Albatros var på veg ut Geirangerfjorden då vi vitja Øvre Ljøen laurdag kveld.

Gapahuken er 12 meter brei, seks meter høg, og har plass til rundt 200 publikummarar.

Gapahuken er 12 meter brei, seks meter høg, og har plass til rundt 200 publikummarar.

1 / 2

... og slik er utsikta

Reisverket til den store gapahuken er ferdig i dag, søndag.

Etter hundrevis av arbeidstimar, i tillegg til sine vanlege fulltidsjobbar, står brørne Magne og Ole Hjalmar Bonsaksen sin store gapahuk på Øvre Ljøen snart klar.

Då vi var på besøk laurdag kveld, jobba dei framleis med reisverket. Men i dag, søndag, skal taket leggast. Det vil halde kring 200 publikummarar tørre i all slags vêr. I tillegg er det planlagt ei teppesone. Og på begge sider, og føre scena, er det godt med sitteplassar på graset.

– Med gapahuken trur eg vi no har plass til i alle fall 500 på ein og same tid, minst, seier Ole Hjalmar Bonsaksen.

– Finaste i Norge

Frå publikum si plassering, har dei utsikt mot innlaupet til Geirangerfjorden. Med andre ord får artistane som står på scena den vakre naturen som bakteppe.

Og med sine seks meter i høgda og 12 meter i breidda er gapahuken godt synleg frå fjorden.

– Eg vil gå for å vere i alle fall Norges finaste konsertarena. Og vi er truleg den einaste permanente utearenaen i Møre og Romsdal, seier Ole Hjalmar.

Stor jobb

I arbeidet med gapahuken, er det dei to brørne som har stått for alt sjølve.

Magne Bonsaksen fortel at dei tre stolpane i midten veg mellom 200 og 300 kilo. Dei løfta dei opp for hand.

Likevel har dei ei audmjukt forhold til eigen innsats.

– Berre fantasien set grense på kva ein kan gjere, i tillegg til at ein må vere litt teknisk anlagt, seier Ole Hjalmar.

Egil Olsen kjem tilbake

Den første konserten som er planlagt på Øvre Ljøen Amfi, er med han som innvia utescena i fjor sommar – Egil Olsen.

– Han kom nyleg tilbake frå ein turné i USA, og har med seg både nytt materiale og gamle slagerar, fortel Ole Hjalmar.

Konserten med Olsen er laurdag 11. juni.


Pål Angelskår Trio til Hellesyltdagane

Skal halde avslutningskonserten på Øvre Ljøen.

Deretter står konsert med Pål Angelskår, vokalist i Minor Majority, for tur. Angelskår sin trio vil stå for årets avslutningskonsert under Hellesyltdagane i juli, slik som Olsen gjorde i fjor.

Inviterer lokale musikarar

Men allereie komande helg blir det jamsession med lokale aktørar.

– På laurdag inviterer vi lokale musikarar frå både Stranda og Hellesylt til å ta turen. Alle med instrument som har lyst til spele eller synge, kan kome og teste lydutstyr. Og vi inviterer sjølvsagt publikum også, som gjerne må teste grillen. Det er berre å ta med seg grillmat, seier Bente Bonsaksen.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Ole Hjalmar Bonsaksen (t.v.) og Magne Bonsaksen har jobba med konsertarenaen seks av dei sju siste helgane.

Ole Hjalmar Bonsaksen (t.v.) og Magne Bonsaksen har jobba med konsertarenaen seks av dei sju siste helgane.

Siste nyheter

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

PR-kampanje kan ha bidrege til å løysa viking-tjuveri i Bergen

Tjuveriet av vikingskattar frå Universitetsmuseet i Bergen vekte merksemd også i utlandet. Ein aktiv PR-strategi kan ha vore med på å løysa saka.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember