Vikar: Jon Henriksen både skriv, fotograferer og lagar videoinnslag. På skjermen har han her videoreportasjen frå barna ved Ringstad skule som gav julegåver til barn i Latvia.
(Foto: Bjørn Arild Hatlem)

Vikar: Jon Henriksen både skriv, fotograferer og lagar videoinnslag. På skjermen har han her videoreportasjen frå barna ved Ringstad skule som gav julegåver til barn i Latvia. Foto: Bjørn Arild Hatlem

Allsidig og erfaren mediemann vikarierer i Sunnmøringen

Jon Henriksen, blant anna kjent som Q-Jon i NRK, er for tida journalistvikar i lokalavisa Sunnmøringen.

Sidan 8. desember har ålesundaren, med austlandsk bakgrunn, vore vikar for ein sjukmeld journalist. Jon Henriksen har lang fartstid som journalist i radio, TV og avis.

– Den første avisjobben hadde eg i Sunnmøre Arbeideravis. Då var det blant anna spennande å få bruke mørkerommet med kjemikaliar og lys, fortel Henriksen.

I kjellaren heime har han bygt studio for lyd og bilde. Og der har han laga fleire hundre tv-program for NRK. I seinare tid har han jobba eit par år ved distriktskontoret til Røde Kors, der nokre av oppgåvene gjekk på fotografering og videofilming.

Elevar gir gåver til Latvia

I fleire år har elevane på Ringstad skule gitt gåver til ungar i Latvia. Det skjer gjennom hjelpearbeidet til Sølvi Slyngstad.

Evna til digital formidling har også kome tydeleg fram i Sunnmøringen. Fleire proffe videoar ligg ute på nettsida, og meir er i kjømda:

– Eg har ein tendens til å bli engasjert i arbeidsplassar og folk som eg jobbar saman med. Då eg jobba i eit taxiselskap laga eg ein musikkvideo til selskapet. Og no er det på trappene ein video med eigenkomponert Sunnmøringen-song, fortel den musikalske mannen som også har livnært seg ved å spele på trommer.

Laga julekos med brukarane på omsorgssenteret

Stranda pensjonistlag baka fram julestemning på Solbakken og omsorgssenteret.

– Grunnen til at eg sa ja til å jobbe nokre veker som vikar i Sunnmøringen var mest for å jobbe saman med svigerdottera mi, Renate. Samtidig trur eg at det er utfordrande å jobbe i ei lokalavis og at ein kjem nær publikum, seier han.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Sommarrute

Til Oslo om ettermiddagen

Nordfjordekspressen si ettermiddagsrute er tilbake i sommarsesongen.

Mjølkekvalitet

Fekk topp karakter

Solfrid og Ivar Frøysadal frå Stranda fekk denne veka TINEs høgste utmerking for topp mjølkekvalitet; Sølvtina.

Fredag inviterer russen til revy i Storfjord kulturhus

Engasjert for eldre

Russerevyen byr ikkje berre på underhaldning, men bidrar og til ein god sak.

Fylkesmannen

Vil sjekke korleis kommunen brukar tvang

Fylkesmannen vil i sommar kome på ubedne besøk for å sjå om det blir nytta tvang i kommunale helse- og omsorgstenester.

Mjølkekvalitet

Fekk topp karakter

Solfrid og Ivar Frøysadal frå Stranda fekk denne veka TINEs høgste utmerking for topp mjølkekvalitet; Sølvtina.

Sommarrute

Til Oslo om ettermiddagen

Nordfjordekspressen si ettermiddagsrute er tilbake i sommarsesongen.

Fredag inviterer russen til revy i Storfjord kulturhus

Engasjert for eldre

Russerevyen byr ikkje berre på underhaldning.

Dreamteamet tok pokalen

Dreamteamet har vore på Høddvoll og delteke på den årlege Laurdagscupen.

Fylkesmannen

Vil sjekke korleis kommunen brukar tvang

Fylkesmannen vil i sommar kome på ubedne besøk for å sjå om det blir nytta tvang i kommunale helse- og omsorgstenester.

Idrettskretsen har etablert ungdomsutval

Og ein Liabygding trer inn som nestleiar.

Hellesylt

Tida renn ut for unikt galleri

Kan verdsarvsenteret i Geiranger berge Peer Gynt?

Med Sartre som inspirasjon

– Kven er eg?

Teatret Vårt kjem denne veka til Stranda med eit teaterstykke inspirert av ingen ringare enn Jean-Paul Sartre.

Stranda Fjellgrend på fritidsmesse

Lanserte Strandahytta

Bygger fire 30 kvm. store hytter ved Strandafjellet Skisenter.

Godt renn for Stranda Alpint:

Fleire Vestlandsmeistere

Dei unge og lovande Stranda alpinistane leverte fleire gode prestasjonar denne helga.