Lindis Hurum frå Leger Uten Grenser og filmskapar Margreth Olin i Speranza Film finn godheit og håp der mange menneske berre ser vondskap og håplausheit, fortel NRK1 i omtalen av programmet i serien

Lindis Hurum frå Leger Uten Grenser og filmskapar Margreth Olin i Speranza Film finn godheit og håp der mange menneske berre ser vondskap og håplausheit, fortel NRK1 i omtalen av programmet i serien "Fyrtårn". KLIKK PÅ LENKA lenger nede i artikkelen for å sjå programmet. Foto: NRK (Skjermbilde)

Mange tar kontakt etter å ha sett Fyrtårn på NRK1

Margreth Olin og Lindis Hurum sin opne og nære deling av livsvisdom i siste episode av "Fyrtårn" på NRK1 har rørt ved ein nerve. Sjå programmet her.

– Eg har fått mange reaksjonar på "Fyrtårn". Folk som er pårørande og har opplevd noko av det same som meg og mannen min har skrive til meg og sendt sms. Det er ikkje så lett å snakke om; når livet endrar seg i løpet av eit sekund. Men det er mange som har liknande opplevingar og då følest det meiningsfylt å dele, seier Margreth Olin til Sunnmøringen.

Fortel om sjokk og håp

I programmet, som kjem i reprise søndag kveld, fortel filmskaparen frå Stranda om då hennar kjære mann, Roy, fekk hjerneslag medan ho heldt på å arbeide med filmen "Mannen fra Snåsa".

Dei to kvinnene møtest på Bastøy fyr utanfor Horten. "De finner godhet og håp der mange bare ser ondskap og håpløshet, skreiv NRK i førehandsomtalen. Konseptet i serien har vore at to menneske kjem saman på fyrtårnet og fortel kvarandre sterke historier frå livet. Livsvisdomen frå samtalane deira på fyret skal bli skrivne ned på ei tavle og bli lagt i ei flaske, som blir kasta på havet.

– Vil ha kontakt med Lindis

– Eg møtte Lindis Hurum for første gang på denne innspelinga. Ho jobbar i felt for Leger uten Grenser. Ho har jobba blant jordskjelvramma i Haiti, folk på flukt i Den sentralafrikanske republikk, ebolapasientar i Liberia og redda menneske opp frå overfylte båtar i Middelhavet. Lindis er ein uredd eventyrar. Det var veldig inspirerande å snakke med henne. Vi kjem til å ha kontakt vidare og kanskje gjere noko saman ein dag, fortel Margreth Olin. 

HER KAN DU SJÅ PROGRAMMET "FYRTÅRN".

Premiere for "Barndom"

Ho var elles intervjua i Sunnmøringen torsdag 8. januar, og fortel at det etter oppslaget i Sunnmøringen er nokre kinoar på Sunnmøre som har tatt kontakt og ønskjer besøk i samband med visning av filmen "Barndom".  Som Sunnmøringen skreiv torsdag, har filmen premiere over heile landet 3. mars. 

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Stranda Arbeiderparti

Attvalt som leiar

Helge Kvame vart attvalt som leiar i Stranda Ap under årsmøtet fredag.

Alperittet avlyst

Alperittet, som skulle bli arrangert neste helg i Stranda, må avlysast på grunn av mangel på snø.

Røykutvikling i hytte

110-sentralen melder om kontroll på staden etter meldingar om røykutvikling i ei hytte.

NTNU skal finne gode løysingar i Geiranger

Geiranger og verdsarvområdet treng eit berekraftig transportsystem.

Filminnspeling hos Spar Svingen

Det nye kassasystemet hos Spar svingen har gjort stor suksess, og eit team er no på plass for å filme løysinga i praksis.

Honndalsrennet

Sterkt frå Sunnylven

Kristine Hjelbakk Hole vann si klasse i Honndalsrennet søndag.

Får forskingsmidlar til skinke

Grilstad får 8,5 millionar kroner for å forske på ein effektiv produksjon av saltredusert spekemat.

Lokalavisene

- Ver engasjert

Eg hugsar berre vagt korleis det gjekk til at eg lærte å lese. Men eg veit at eg fekk sitje på fanget til far, ved bordet, med avisa framfor oss.

Attvalt som leiar

Helge Kvame vart attvalt som leiar i Stranda Ap under årsmøtet fredag.

Alperittet avlyst

Alperittet, som skulle bli arrangert neste helg i Stranda, må avlysast på grunn av mangel på snø.

Filminnspeling hos Spar Svingen

Det nye kassasystemet hos Spar svingen har gjort stor suksess, og eit team er no på plass for å filme løysinga i praksis.

Røykutvikling i hytte

Brannvesenet driv restverdiredning etter røykutvikling i ei hytte.

NTNU skal finne gode løysingar i Geiranger

Geiranger og verdsarvområdet treng eit berekraftig transportsystem.

Vêret ikkje heilt på arrangørane si side

Alperittet vil ha meir snø

Sidan 1995 er det berre eit år Alperittet ikkje har vore arrangert. Slik håpar arrangørane at det framleis blir.

Kulturkvelden i Stranda

Takkar for stor gåve

Det blei samla inn 60.000 kroner til ei ny redningsskøyte under kulturkvelden i Stranda laurdag.