J16 sitt mål er sluttspelet i Midt-Norsk, og dei har denne helga spela uavgjort mot Volda og storsiger mot Spjelkavik.

J16 sitt mål er sluttspelet i Midt-Norsk, og dei har denne helga spela uavgjort mot Volda og storsiger mot Spjelkavik.

Stranda kvasse på handball-banen

Handball-laga til Stranda IL i aksjon i helga, både på heimebane og bortebane.

Juleferien i Trønderligaen er over, og denne helga har det vorte spelt ei rekke kampar i Strandahallen samt på bortebane både i Ålesund og i Ørsta.

Både G10 og J16 har vore i aksjon på heimebane i helga, og for J16-laget har målet heile tida vore å nå sluttspelet i Midt-Norsk i Trondheim.

Spjelkavik IL vart før sesongen utropt til den kvassaste konkurrenten - men då laga møttes søndag ettermiddag vart det klart at Stranda-laget var i betre slag enn konkurrentane.

Stranda leda kampen heile vegen, og det sto 13 - 6 til pause til Stranda.

Ved fulltid vart resultatet særs gode 26 - 14.

No i ettermiddag søndag har J16 òg sikra sigeren mot Volda sitt lag, etter å ha spela uavgjort sist dei møtte kvarandre.

Laurdag spelte J12 mot Skarbøvik i Ålesund, og vann med to mål - 9-7. Ørsta møtte Stranda J14 i Ørstahallen, Stranda vann 18 - 15.

G12 møtte Blindheim på heimebane laurdag, og gjekk sigrande av bana med resultatet 13-10.

Meir om handball-resultata kjem i prent på torsdag.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Problem i trafikken

Snøkava held fram

Fleire vogntog har problem i trafikken på Stranda i morgontimane.

Fv. 63 Geiranger-Eidsdal

Open for trafikk

Rasferja Geiranger-Hellesylt

Ekstraavgangar søndag

Rasferja mellom Hellesylt og Geiranger:

Ny ekstraavgang laurdag

Fv. 63 Geiranger-Eidsdal:

Blir ikkje opna i dag

Turistbygda Geiranger

230 fastbuande att etter millionbesøk i sommar

Førjulsmorgon. Milde sommarvinder er blitt til kald vind, regn og sørpete vegar. Turistbygda har gått i dvale. Trudde vi.

Stranda:

Fotgjengar påkøyrd i gangfelt

Ei kvinne i 60-åra fekk moderate skader etter ein påkøyrsel ved Betel fredag ettermiddag.