Løytnant Raymond Isehaug er tildelt medalje og diplom for

Løytnant Raymond Isehaug er tildelt medalje og diplom for "Redningsdåd til sjøs". Fylkesmannen i Nordland Hill Martha Solberg stod for overrekkinga.Foto: Lars Røraas/Sjøforsvaret

Heidra for redningsdåd

Nestkommanderande på KV Barentshav, løytnant Raymond Isehaug frå Stranda, er tildelt medalje for "Redningsdåd til sjøs".

Fylkesmann Hill Marta Solberg overrekte medalje og diplom til Raymond Isehaug under ein høgtidleg seremoni på Kystvakta sitt hovudkvarter på Sortland i Nordland 7. desember i fjor. "Redningsdåd til sjøs" blei tildelt på vegne av Nærings- og handelsdepartementet og etter innstilling frå Sjøfartsdirektoratet.

Isehaug, som er utdanna styrmann frå Høgskulen i Ålesund, arbeider som nestkommanderande på KV Barentshav. Den 25. februar i 2015 måtte han raskt rykke ut til "Skagøysund" for å prøve å berge ein fiskar som hadde fått eit 13 cm langt knivblad inn i lysken.

– Måtte stikke tommelen ned i såret for å stogge blødinga

Løytnant Raymond Isehaug på KV Barentshav fortel her korleis han bokstavleg tala hadde ein "finger med i spelet" då han berga livet til ein nordnorsk fiskar i 40-åra.


Rask og dyktig

– Løytnant Isehaug var snarrådig og tok ansvar i ein situasjon der det var påkrevd for å redde livet til eksternt personell som hadde ein alvorleg, potensielt livstrugande stikkskade i lysken. Vedkomande utøvde sanitet med kvalitet til etterfølging og trass i krevjande forhold på sjøen. Isehaug blir nominert til medalje for «Redningsdåd til sjøs», spesielt på grunn av personlig dyktigheit og fortentsfull innsats som har skapt avdelingsånd på fleire nivå, heitte det i grunngivinga for heideren av offiseren frå Stranda.

Fiskaren var uheldig med kniven då han stod og bløgga. Ifølgje Forsvaret ville skaden ubehandla ført til stort blodtap, sjokk og død. Då Isehaug kom om bord såg han at pasienten var såpass forkomen at tilstanden berre ville bli verre ved ein transport over til hospitalet på kystvaktfartøyet. Dermed måtte hjelpe gjevast i fiskebåten, utan sanitetsinfrastrukturen på KV Barentshav.

Livreddande

Mannskapet på "Skagøysund" hadde ikkje nok kompetanse til å vareta pasienten, og helsehjelpa frå nestkommanderande på kystvaktskipet var livreddande. Avgjerande for situasjonen vart Isehaug si raske og dyktige handling. Prioriteringar med tanke på å sette i verk nødvendige sanitetstiltak var eksemplarisk og i samsvar med prosedyre for sanitet (trykkpunkt, oksygenbehandling, førebu væskebehandling og førebygge hypotermi (pledd)), går det fram av ei pressemelding frå Kystvakta.

Der blir det også framheva at då blødinga ikkje gjekk å stogge på anna vis, måtte Isehaug stikke ein fing inn i såret.

– Påkjenninga av å sitte med fysisk kontakt med alvorleg sårskade (finger i såret) og blodsøl må ha vore betydeleg, heiter det.

To og ein halv time etter at aksjonen starta, kom redningsmann og lege som overtok ansvaret og evakuerte pasienten.

Abonnentar kan lese stort intervju med Isehaug her.

Fordelaktig for pasienten

"Isehaug utviste stor tilpasningsevne, da sanitetsutøvelse måtte utføres på eksternt fartøy, og evne til utholdenhet i påvente av sanitetsbistand. Det bemerkes i tillegg at Isehaug hadde ansvar for sanitetsorganiseringen på KV Barentshav forut for hendelsen. Øvingsnivået for saniteten på KV Barnetshav og organiseringen om bord var svært god. Dette antas også å ha bidratt til at utfallet ble fordelaktig for pasienten".

"Redning på sjøen og medisinsk bistand til eksterne fartøy er en viktig del av Kystvaktens oppdrag. Refererte hendelse representerer et eksempel på svært godt utøvd sanitet ihht. til retningslinjer for sanitet nivå 3. Hendelsen har inspirert og motivert Kystvaktens sanitetsorganisasjon og har synliggjort hvilken viktig rolle KV kan spille når uhellet rammer langt til havs. Kystvakten ble i 2015 tildelt Norges Fiskarlags sikkerhetspris for mangeårig innsats for ivaretakelse av norske fiskere. Saniteten referert i dette forslaget og Isehaugs bidrag spesielt ble løftet fram under pristildelingen som eksempel til etterfølgelse", står det til slutt i pressemeldinga frå Kystvakta.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

I helga kan alle som er interesserte i stjernehimmelen få med seg den årlege meteorsvermen Orionidene.

Reguleringsplan for Lien Hyttegrend

Eigengodkjend for andre gong

Kommunestyret vedtok mot to stemmer igjen å eigengodkjenne reguleringsplanen for Lien Hyttegrend. Det førre vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen.

– Bli bøssebærar

– Meld dykk som bøssebærarar, er den klare oppmodinga frå aksjonskomiteen for TV-aksjonen.

Prosjektgruppe

Rår til å rive Solbakken

Ei arbeidsgruppe som har vurdert tilstanden til Solbakken rår til å rive bygget og bygge nytt.

Stranda Fotball:

– Møt opp og støtt Stranda til siger!

Det blir ein viktig kamp for herrelaget på Mona i kveld, torsdag. Dei spelar for å sikre plassen sin i 5. divisjon.

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

Reguleringsplan for Lien Hyttegrend

Eigengodkjend for andre gong

Kommunestyret vedtok mot to stemmer igjen å eigengodkjenne reguleringsplanen for Lien Hyttegrend. Det førre vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen.

– Bli bøssebærar

– Meld dykk som bøssebærarar, er den klare oppmodinga frå aksjonskomiteen for TV-aksjonen.

Stranda Fotball:

– Møt opp og støtt Stranda til siger!

Det blir ein viktig kamp for herrelaget på Mona i kveld, torsdag. Dei spelar for å sikre plassen sin i 5. divisjon.

Sjå kommunestyret direkte

Stranda kommunestyre har møte i dag, torsdag 19. oktober.

Melchiorgarden i Norddal:

Tildelt fylkespris for bedriftsutvikling i landbruket

Prisen blei delt ut av Innovasjon Norge onsdag føremiddag.