Her er dekningskartet for Møre og Romsdal basert på tilbakemeldingar frå NAF-medlemmer. (Foto: NAF)

Her er dekningskartet for Møre og Romsdal basert på tilbakemeldingar frå NAF-medlemmer. Foto: NAF

1 / 1

Rapporterer til NAF om DAB-hol

Norges Automobil-Forbund (NAF) har fått inn meldingar frå medlemmer om manglande DAB-dekning i Møre og Romsdal.

I dag, 11. januar, kuttar distrikts- og riksradioar sendingane på FM-nettet i Nordland. I Møre og Romsdal skjer det same 8. februar.

Mange innbyggarar og bilistar er urolege for kor god dekninga vil bli. Og Norges Automobil-Forbund starta for nokre månader sidan ei systematisk undersøking der dei bad medlemmene om å melde frå på eit skjema kvar dei opplever dårlege DAB-signal.

Respons frå over 100 i fylket

– I Møre og Romsdal er det 105 personar som har meldt frå om manglande DAB-dekning. Vi  gav ei oppskrift på korleis dette skulle gjerast på ein ordentleg måte. Vi har ingen garanti for at alle har gjort det, men det gir i alle fall eit inntrykk av korleis dekninga blir opplevd der ute, seier kommunikasjonsrådgivar Nils Sødal.

Han ser to hovudtendensar, som også går igjen i dei andre fylka.  Det eine er at dess lenger unna sentrale strok og hovudvegar du kjem, dess dårlegare opplever du dekninga.

Dårleg i tunnelar

– Det andre er at det gjennomgåande er registrering av dårleg dekning i tunnelar. Dette gjeld også i dei store tunnelane som ligg rundt større byar. Det er spesielt meldt om dårleg dekning i tunnelar rundt Ålesund.

Sødal seier at dei ikkje har gått så aktivt ut for å be om tilbakemeldingar, men at dei framleis tek imot med takk.

– Vi sender vidare det vi får meldt inn til NRK og Digitalradio Norge. Då kan dei sjekke det ut om det faktisk er manglande dekning, eller det har med mottakarapparat og sånt å gjere. Meininga er å prøve å gjere overgangen smidigast mogleg så det går greit, seier Sødal.

To mill. bilar utan DAB

Ved sidan av at ikkje DAB-signala er like gode over alt, er det eit problem at det framleis er mange som ikkje kan ta inn slike sendingar i bilen. Sødal fortel at ferske tal på landsbasis viser at to av tre bilar ikkje har DAB. Det tilsvarer to millionar bilar. Og Digitalradio Norge si nye undersøking fortel at heile 60 prosent av dei som manglar DAB i bilen vil vente til siste slutt.

– Radio er den beste beredskapskanalen vi har når det skjer noko langs vegen, så det kan gå ut over tryggleiken viss det er mange som vel å ikkje installere DAB i bilen, seier Sødal.

Dekning, ifølgje analyser

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (NKOM) har brukt analyseverktøy for å finne ut korleis dekninga er rundt om i landet. I tillegg har dei hatt nokre fysiske målingar i utvalde representative område.

– Vi har kome fram til at berekningane stemmer godt med reell dekning, seier frekvensdirektør i NKOM, John-Eivind Velure til Dagbladet.

Han vedgår likevel at det er mogleg at det ikkje er dekning på stader der dekningskartet viser at det skal vere dekning.

Misnøye i Sunnylven

Ein av dei som opplever at det ikkje alltid er samsvar mellom teori og praksis er sunnylving Inge Bjørdal, som også er næringssjef i Stranda kommune.

– Eg er sjølv med på ein underskriftsaksjon når det gjeld dekninga frå Hole til Vollset. Det er ikkje dekning på vegen, og heller ikkje heime for ein god del av dei som bur der. Det er for dårleg, og vi har sagt frå om saka. Vi får til svar at dekningskartet viser at her er dekning, men det blir for teoretisk. Ein må ut og sjekke for å vere sikker. Det same gjeld mobilsignal der selskapa påstår at det skal vere dekning. Men kart og terreng stemmer ikkje alltid, seier Bjørdal.

Les meir i Sunnmøringen om underskriftsbrevet som er sendt til NRK og til Stranda kommune.

 

Meir å lese på Sunnmøringen:
– Det er ein ganske utfordrande jobb for forbrukaren å finne ei god løysing viss ein vel å ha DAB i bilen. Det er svært mange ulike løysingar, med adapter og anna, på marknaden med tanke på kva mottakarutstyr du skal ha. Særleg kan antennebiten vere ei utfordring. Og skal du ha ei skikkeleg løysing, kan det fort bli dyrt, seier kommunikasjonsrådgivar Nils Sødal i NAF.
(Foto: Foto: Tore Guriby/Digitalradio Norge AS)

– Det er ein ganske utfordrande jobb for forbrukaren å finne ei god løysing viss ein vel å ha DAB i bilen. Det er svært mange ulike løysingar, med adapter og anna, på marknaden med tanke på kva mottakarutstyr du skal ha. Særleg kan antennebiten vere ei utfordring. Og skal du ha ei skikkeleg løysing, kan det fort bli dyrt, seier kommunikasjonsrådgivar Nils Sødal i NAF. Foto: Foto: Tore Guriby/Digitalradio Norge AS

Siste nyheter

Geiteproduksjon

Mellom dei største i Norge

Med vel 300 mjølkegeiter i fjøsen, er Tor Lie mellom dei største produsentane av geitemjølk i Norge.

Sunnylven skulekorps

Strålande reprise

Det var ein prisvinnar verdig, reprisen som Sunnylven skulekorps hadde i kveld på Hellesylt.

Made in Stranda:

Ingen påske utan sjokolade

Stranda Bakeri er i ferd med å gjere utrulege sjokolade-kreasjonar til ein påsketradisjon.

Norsk journalistlag

Dag Idar vert nestleiar

Dag Idar Tryggestad frå Stranda er valt til ny nestleiar i Norsk Journalistlag.

No blir det betre vegar i Stranda

Stranda kommune får i løpet av året 14 kilometer med ny asfalt.

Geiter

Satsar etter dyretragedie

Med 70 geitemjølkegeiter i fjøsen er Inge Røyrhus i ferd med å få på plass ei ny besetning, og målet er 120. Kanskje meir om det blir tilgang på kvote.

Held smedkurs på Stranda:

– Smiing er på full fart inn att

Men kurshaldar og sjølvutnemnt hobbysmed Magne Raknes skulle ønskje at fleire strandarar blei bitne av basillen.

Klokka skal stillast

Det går mot lysare tider

Natt til søndag startar sommartida. Då skal klokka stillast éin time fram.

Sunnylven skulekorps

Strålande reprise

Det var ein prisvinnar verdig, reprisen som Sunnylven skulekorps hadde i kveld på Hellesylt.

Geiteproduksjon

Mellom dei største i Norge

Med vel 300 mjølkegeiter i fjøsen, er Tor Lie mellom dei største produsentane av geitemjølk i Norge.

Made in Stranda:

Ingen påske utan sjokolade

Stranda Bakeri er i ferd med å gjere utrulege sjokolade-kreasjonar til ein påsketradisjon.

Betre vegar i Stranda

Stranda kommune får i løpet av året 14 kilometer med ny asfalt.

No er komfyrvakta på plass

Vinnaren av ei komfyrvakt oppdaga måndag at å ta i bruk premien fort kunne bli kostbart. I dag kom løysinga.

Norsk journalistlag

Dag Idar vert nestleiar

Dag Idar Tryggestad frå Stranda er valt til ny nestleiar i Norsk Journalistlag.

Stranda Fotball

Tap mot naboen

A-laget til Stranda fotball tapte i kveld ein treningskamp mot Sykkylven.