Alperittet med betre tider

Sparebanken Møre på Stranda spanderer nytt tidtakarsystem til Alperittet

Då blir tilbodet til dei aktive endå betre. Med nytt tidtakarsystem med brikkeløysing kan ein no også legge til mellomtider. 

Det blir mellomtider i inngangen til skogen og utgangen rundt Knutmarka.

– Dette blir ein ny dimensjon i Alperittet si historie, seier leiar i Alperittet, Leidulf Årvik.

– Ved å ta kostnaden på 67.000 kroner syner Sparebanken Møre nytteverdien av nytt tidtakarsystem, som banken også ynskjer skal verte brukt på andre idrettsarrangement på Stranda og i omegn, seier ein engasjert og framoverlent banksjef, Kjell Martin Ringset.

– Med brikkesystem blir det mykje enklare å halde orden på tidene til løparane, seier tidtakar gjennom ei årrekkje Arnfinn Framhus.

Dette er eit tidtakasystem som Stranda Idrettslag blir eigar av, og skal kunne brukast av alle som treng denne type tidtaking. Ein som gliser ekstra i skjegget er nok Martin Kristoffersen i Stranda Fjord Trail Race, som også vil ha stor glede av bidraget til Sparebanken Møre.

– Vi tek ansvar for å lære systemet, og vil bringe vår kunnskap vidare til andre som kan lære systemet å kjenne, seier dei tre faste tidtakarane Arnfinn Framhus, Jonn Haugmo og Jonny Jøsok.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Tidtakarar Jonn Haugmo, Jonny Jøsok og Arnfinn Framhus.

Tidtakarar Jonn Haugmo, Jonny Jøsok og Arnfinn Framhus.

Siste nyheter

Steinras frå Skafjellet i natt:

NVE: – Hald avstand frå fjellsidene

Venstreleiar Trine Skei Grande og Pål Farstad (V)

Kjem på snarvisitt til Stranda

Turist frå London er imponert over Vestlandet:

– Konsekvent slåande natur

Steinras frå Skafjellet i natt:

NVE: – Hald avstand frå fjellsidene

Har opna sommarutsal på Hellesylt

Denne sommaren sel ikkje Linda Fausa varer frå fjordane i Geiranger, men på Hellesylt. Ho fortel at ho var skeptisk til om det kom til å gå like bra, men seier at ho er positivt overraska.

Venstreleiar Trine Skei Grande og Pål Farstad (V)

Kjem på snarvisitt til Stranda

Turist frå London er imponert over Vestlandet:

– Konsekvent slåande natur

Hellesylt Hydrogen Hub

Dannar AS

Fleire aktørar går saman om å danne aksjeselskapet Hellesylt Hydrogen AS. Målet er å utnytte lokal kraftproduksjon.

For dyrt med landstraum for cruiseskip

Cruiseskip slepp ut store mengder klimagassar medan dei ligg til kai. Men løysinga som ville kutta utsleppa er for dyr.