Zackarias Lundblad og Arvid Kornstad frå LNK Studios er komen frå Sverige til Stranda for å filme det nye kassasystemet til Spar Svingen. 
            (Foto: Maria Moe)

Zackarias Lundblad og Arvid Kornstad frå LNK Studios er komen frå Sverige til Stranda for å filme det nye kassasystemet til Spar Svingen. Foto: Maria Moe

Filminnspeling hos Spar Svingen

Det nye kassasystemet hos Spar svingen har gjort stor suksess, og eit team er no på plass for å filme løysinga i praksis.

Det nye kassesystemet var på plass i butikken i slutten av november, og har blitt svært godt mottatt av både kundar og tilsette.

– Det finst kanskje 150 sjølvbetente kasser i Noreg, men denne typen skil seg ut med beltedisk. Også den betente kassa, er unik i form av at den kjem rettvinkla. Likevel er det revolusjonerande med dette systemet at dei tilsette står og jobbar med ansiktet mot kunden, og ikkje sitter gøymt langt nede eller bak ein skjerm. Vi kallar den «front-mate», fortel Kai Sørvik, dagleg leiar i ITAB LINCO som er produsent av kassasystemet. 

Ein av få

– Det er produsert fire slike kasser. Ei er i ein Kiwi-butikk i Oslo, ei er reserve, ei står her hos oss, og den siste skal vere med til ei stor messe, fortel butikksjef Zejna Kezo.

Messa ho snakkar om går føre seg i Düsseldorf, og det er i anledning denne at eit team no er på plass ved Spar for å filme løysinga i praksis.

– Med dei nye kassene får tilsette snakka med og hjelpt kundane mykje betre enn før. Framtida er ikkje kassemedarbeidarar, men servicearbeidarar som kan snakke med kundane, ekspedere dei og mykje anna. Systemet fungerer slik at vi får ein meir variert arbeidskvardag, seier Kezo som har ein klar ide om kvifor det skal filmast nettopp på Stranda.

– Det er fordi Stranda befolkninga er heilt eineståande. Dei og dei tilsette har tatt i mot framtida si kasse så godt, fortel ho og kjem med eit eksempel:

– Den første veka hadde vi opplæring, og ei dame på 90 år stilte seg i køen for å prøve den nye kassa. Då var det ein som sa:

«Kanskje betre om du tok den betente kassa». Det kom ikkje på tale, ho skulle lære seg den nye kassa, for det var det som var framtida, seier Kezo.

Kjendisar?

Filmteamet filmar på Spar både torsdag og fredag, og i den anledning ønskjer Kezo alle kundar velkommen innom for både kaffi og kake. Fleire kundar og tilsette blei torsdag filma, og kjem blir eksponert under messa i Düsseldorf.

– Ja no er vi kjendisar, kvart fall på messa i Düsseldorf. Og det er ei stor messe altså, seier butikksjefen med eit stort smil.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Hilde Staven var først skeptisk til den sjølvbetente kassa, men etter at butikksjef Zejna Kezo gav ho opplæring, ønska ho å bruke kassa fleire gonger, så lenge ho fortsatt fekk slå av ein prat med beteninga medan ho betalte. 
            (Foto: Maria Moe)

Hilde Staven var først skeptisk til den sjølvbetente kassa, men etter at butikksjef Zejna Kezo gav ho opplæring, ønska ho å bruke kassa fleire gonger, så lenge ho fortsatt fekk slå av ein prat med beteninga medan ho betalte. Foto: Maria Moe

Siste nyheter

Problem i trafikken

Snøkava held fram

Fleire vogntog har problem i trafikken på Stranda i morgontimane.

Fv. 63 Geiranger-Eidsdal

Open for trafikk

Rasferja Geiranger-Hellesylt

Ekstraavgangar søndag

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.

Gerhard B. Relling med minne frå Stranda

Leiken etter snøfall på 1960-talet

Problem i trafikken

Snøkava held fram