NTNU skal finne gode løysingar i Geiranger

Geiranger og verdsarvområdet treng eit berekraftig transportsystem.

Over 800.000 turistar besøker kvart år Geiranger, og dette er eit tal ein forventar vil auke i årene som kjem. Med ein slik turiststraum treng Geiranger og verdsarvområdet eit berekraftig transportsystem. No har forskarar ved NTNU i Ålesund fått oppgåva med å finne gode løysingar.

– Vi har fått nesten ti millionar kroner frå forskingsrådets transportprogram, og setter i gang arbeidet for fullt i april, seier Annik Magerholm Fet til Sunnmørsposten. Ho fortel også at det opphavleg var Havnevesenet i Stranda som tok initiativ til å sjå nærmare på transporten som går føre seg på sjøen. Eit pilotprosjekt gjennomført i 2015 blir utgangspunktet for arbeidet som no settast i gang.

Skal møte fleire krav

– Utgangspunktet er at verdsarvområdet både skal bevarast, men også leggast til rette for opplevingar. Transportsystemet må møte begge desse krava samtidig som det skal vere trygt, effektivt og berekraftig. Vi skal sjå på korleis systemet fungerer i dag og korleis det eventuelt kan forbetrast, seier forskar ved institutt for industriell økonomi og teknologileiing ved NTNU i Trondheim, Dina Aspen til Sunnmørsposten.

Ho flytter snart til Ålesund for å sette i gang det treårige prosjektet. Vidare fortel ho at deira mål er å sjå heile transportsystemet under eitt, i motsetning til fokuset som fram til no har vore på cruisetrafikken.

Må baserast på fakta

Både Aspen og Fet seier til Sunnmørsposten at det sjølvsagt allereie finst forsking på feltet, mellom anna frå Møreforsking.

– Vi vil bygge vidare på dette slik at avgjerdstakarane har grunnlag for å sjå kva ulike tiltak for eksempel gjer med miljøet og økonomien. Det som skjer i Geiranger må vere basert på vitskapelege fakta og ikkje synsing, slår dei fast ovanfor avisa.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen opna tysdag den nye samlokaliserte sentralen for politi og brann i Ålesund.

Kyrkjebesøk

Framførte Alf Prøysen si jul

Juleforteljinga vart gjort levande med Alf Prøysen si Julekveldsvise, då elevar frå 1.- 3. klasse ved Ringstad skule besøkte Stranda Kyrkje tysdag.

Fv 60 ved Hellesylt

Open for trafikk

Tek i bruk anlegg for 4,9 mill kroner

Klar for ny sesong i Hyttehola

Hyttehola er eit fleirbruksanlegg til 4,9 millionar der idrettslaget og skyttarlaget i Sunnylven står skulder ved skulder.

Politiet i Møre og Romsdal

Brann og politi i same sentral

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.