Union Stortingsmeldinga

Union Stortingsmeldinga "Opplev Norge - unikt og eventyrleg" blir det lansert skattekutt for hotell.

Brei meny for å styrke norsk reiseliv

Skattekutt for hotell, nasjonale turstiar og betre analysar av korleis norsk reiseliv blir profilert vil gjere næringa meir lønnsam, håper regjeringa.

Det kjem fram i stortingsmeldinga "Opplev Norge – unikt og eventyrleg", som blei lansert fredag.

Eitt punkt i arbeidet for å skape eit "berekraftig og lønnsamt reiseliv" er å kutte i formuesskatten for hotell.

Lettar i formyeskatten

– Regjeringa tar i statsbudsjettet for 2018 sikte på å foreslå lettar i formuesskatten på hotell/overnattingsstader gjennom ein vesentleg auke i verdsetjingsrabatten, heiter det i meldinga.

I år blei det innført ein verdsetjingsrabatt på 10 prosent for aksjar og driftsmidlar. Rabatten skal i tråd med skatteforliket på Stortinget aukast til 20 prosent i 2018. Det er same nivå som verdsetjingsrabatten samla sett gir for næringseigedom eid direkte av formuesskattepliktige, som familieeigde hotell og overnattingsstader.

Næringa jublar

Kva regjeringa legg i "vesentleg auke" av satsen på 20 prosent, blir ikkje konkretisert i reiselivsmeldinga, men vil bli klart når budsjettforslaget kjem i oktober.

Næringa er uansett fornøgd, og lågare skatt for hotella gir rom for vekst, meiner Virke.

– Det er viktig i konkurransen med utanlandseigde hotell, der eigarane ikkje betaler formuesskatt på bygningar og verdiar i hotella, seier direktør for Reise Norge og kultur, Line Endresen Normann.

NHO-sjef Kristin Skogen Lund peiker på at formuesskatten er ein ulempe for norske eigarar.

– Det er veldig bra at skatt på norskeigde hotell blir redusert, slik at reiselivsbedriftene i enda større grad kan skape gode jobbar i heile landet, seier ho.

Svakare krone gir opptur

Norsk reiseliv har dei siste par åra nytt godt av at den norske krona har svekt seg betydeleg på grunn av oljeprisens bratte fall og ein serie rentekutt.

Kronesvekkinga har gjort det billigare for utlendingar å besøkje Norge og dyrare for nordmenn å feriere utanlands – begge delar positivt for norsk reiseliv.

– Fjoråret var nok eit rekordår for reiselivsnæringa i Noreg, med stadig fleire besøkjande og vekst i verdiskapinga. Få andre næringar, om nokon, kan vise til tilsvarande utvikling i etterspørselen, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Fem stolpar

Regjeringa vil satse langs fem spor. Gode rammevilkår, som skatte- og avgiftslettar, næringsvettet forsking og innovasjon og bygging av veg og bane, er det eine.

Å utvikle eit berekraftig reiseliv står også sentralt. For å fremme berekraftig ferdsel i naturen vil regjeringa "samle og marknadsføre" nokon tilrettelagde turstiar som nasjonale turstiar, etter modell av dei nasjonale turistvegane.

Samtidig vil regjeringa styrke samordninga mellom turistnæringa, kommunar, fylke og frivillige for å utvikle sterke reisemål. Det blir varsla ein egen strategi for kultur og reiseliv.

Profilering

I tillegg blir betydninga av kunnskap og kompetanse og profilering av Noreg som reisemål streka under.

Innovasjon Noreg skal framleis ha ansvaret for profileringa. Men det er behov for "betre analysar av kva effekt aktivitetane" til organisasjonen har, seier regjeringa, som derfor set i gang eit arbeid for betre å måle effekten av profileringsarbeidet Innovasjon Noreg gjer.

Det er likevel ikkje grunnlag for å konkludere med at ordninga i dag er ineffektiv, strekar regjeringa under.

 

 

Bilete: tbc2e817Monica Mæland i Fjellheisen under lanseringa av stortingsmeldinga om reiseliv i Tromsø fredag. Foto: Nærings- og fiskeridepartementet / NTB scanpix /NPK

Meir å lese på Sunnmøringen:
Fakta om norsk reiseliv
  • * 2016 blei eit rekordår for norsk reiselivsnæring, som også i 2015 opplevde sterk vekst i talet på besøkande.
  • * Fleirtalet av dei reisande er framleis frå Noreg, men auken er størst frå utlandet.
  • * I 2016 var det totalt 33,1 millionar gjestedøgn ved kommersielle overnattingsstadar i Noreg.
  • * TAlet på besøkande til Noreg har sidan 2010 auka meir (6,6 prosent i gjennomsnitt) enn oppgangen internasjonalt (4,8 prosent i gjennomsnitt).
  • * I 2015 stod reiselivsnæringa for over 4 prosent av verdiskapinga og nesten 9 prosent av sysselsettinga i norsk næringsliv.
  • * Nesten 160.000 personar arbeider i reiselivsnæringa.
  • (Kjelder: Næringsdepartementet, Statistisk sentralbyrå, Menon Economics, UNWTO)
Lansering Monica Mæland i Fjellheisen under lanseringen av stortingsmeldingen om reiseliv i Tromsø fredag.
(Foto: Scanpix)

Lansering Monica Mæland i Fjellheisen under lanseringen av stortingsmeldingen om reiseliv i Tromsø fredag. Foto: Scanpix

Siste nyheter

Geiteproduksjon

Mellom dei største i Norge

Med vel 300 mjølkegeiter i fjøsen, er Tor Lie mellom dei største produsentane av geitemjølk i Norge.

Sunnylven skulekorps

Strålande reprise

Det var ein prisvinnar verdig, reprisen som Sunnylven skulekorps hadde i kveld på Hellesylt.

Made in Stranda:

Ingen påske utan sjokolade

Stranda Bakeri er i ferd med å gjere utrulege sjokolade-kreasjonar til ein påsketradisjon.

Norsk journalistlag

Dag Idar vert nestleiar

Dag Idar Tryggestad frå Stranda er valt til ny nestleiar i Norsk Journalistlag.

No blir det betre vegar i Stranda

Stranda kommune får i løpet av året 14 kilometer med ny asfalt.

Geiter

Satsar etter dyretragedie

Med 70 geitemjølkegeiter i fjøsen er Inge Røyrhus i ferd med å få på plass ei ny besetning, og målet er 120. Kanskje meir om det blir tilgang på kvote.

Held smedkurs på Stranda:

– Smiing er på full fart inn att

Men kurshaldar og sjølvutnemnt hobbysmed Magne Raknes skulle ønskje at fleire strandarar blei bitne av basillen.

Klokka skal stillast

Det går mot lysare tider

Natt til søndag startar sommartida. Då skal klokka stillast éin time fram.

Sunnylven skulekorps

Strålande reprise

Det var ein prisvinnar verdig, reprisen som Sunnylven skulekorps hadde i kveld på Hellesylt.

Geiteproduksjon

Mellom dei største i Norge

Med vel 300 mjølkegeiter i fjøsen, er Tor Lie mellom dei største produsentane av geitemjølk i Norge.

Made in Stranda:

Ingen påske utan sjokolade

Stranda Bakeri er i ferd med å gjere utrulege sjokolade-kreasjonar til ein påsketradisjon.

Betre vegar i Stranda

Stranda kommune får i løpet av året 14 kilometer med ny asfalt.

No er komfyrvakta på plass

Vinnaren av ei komfyrvakt oppdaga måndag at å ta i bruk premien fort kunne bli kostbart. I dag kom løysinga.

Norsk journalistlag

Dag Idar vert nestleiar

Dag Idar Tryggestad frå Stranda er valt til ny nestleiar i Norsk Journalistlag.

Stranda Fotball

Tap mot naboen

A-laget til Stranda fotball tapte i kveld ein treningskamp mot Sykkylven.