Skulenedlegging Kvart år blir det lagt ned rundt 50 skular her i landet. Korleis debatten er i lokalsamfunnet før kommunestyret gjer vedtak i saka, kan ha mykje å seia for å hindra langvarige og opprivande konfliktar, viser ny studie.
            (Foto:  Frank May / NTB scanpix)

Skulenedlegging Kvart år blir det lagt ned rundt 50 skular her i landet. Korleis debatten er i lokalsamfunnet før kommunestyret gjer vedtak i saka, kan ha mykje å seia for å hindra langvarige og opprivande konfliktar, viser ny studie.Foto: Frank May / NTB scanpix

Skulenedlegging

Åtvarar mot press i skulestrid

Kvart år blir det lagt ned rundt femti skular her i landet. Det skapar ofte sterke konfliktar i lokalsamfunnet. Korleis saka blir diskutert før vedtaket blir gjort i kommunestyret, kan likevel ha mykje å seia for å hindra ein langvarig og opprivande konflikt i bygda, viser ny forsking.

– Skal det vera ein god prosess er det viktig at alle får uttala seg og at det ikkje blir lagt utilbørleg press på nokon av aktørane, seier seniorforskar Aadne Aasland ved By- og regionforskingsinstituttet (NIBR) til Nynorsk pressekontor.

Han er ein av forskarane som har arbeidd med den ferske undersøkinga om skulenedleggingar i distrikta. Undersøkinga er todelt. Den eine delen byggjer på ei spørjeundersøking til den i kommuneadministrasjonen som er ansvarleg for skulespørsmål i norske kommunar med færre enn 15.000 innbyggjarar. 159 kommunar svarte på undersøkinga.

For å få meir innsikt i kva som står på spel og korleis prosessane om skulenedlegging går føre seg, har forskarane i tillegg intervjua foreldre, besteforeldre, rådmenn, politikarar og tilsette i skulen i tre kommunar der skulenedlegging stod på dagsorden.

Stort engasjement

Undersøkinga viser at saker om skulenedlegging vekkjer stort engasjement. I rundt halvparten av tilfella har det ført til eit høgt konfliktnivå i bygda – og nokre gonger også i heile kommunen.

Samtidig viser undersøkinga at det i rundt 40 prosent av tilfella har vore diskusjonar og ulike meiningar, men lite konfliktar.

Berre i 13 prosent av kommunane der skulenedlegging har vore føreslege, har det vore stor semje om vedtaket.

Lokalt engasjement

Undersøkinga viser også at ikkje alle diskusjonane endar med at skulen blir lagt ned. Knapt ein tredel av dei nedleggingstruga skulane blir drivne vidare. Sterkt lokalt engasjement frå foreldre og politikarar er ofte ei medverkande årsak til dette.

Eit springande punkt er likevel korleis det sterke engasjementet rundt skulenedlegging går føre seg.

Opne møte – lyttande politikarar

For å få til ein best mogleg dialog før lagnaden til dei nedleggingstruga skulane blir avgjort, førelår fleire av partane i undersøkinga at det blir lagt opp til opne møte der politikarane berre lyttar til ulike meiningar utan å koma med motargument.

– Nokre kommunar hadde også erfart at det å søkja hjelp utanfrå kunne vera nyttig. Det kan til dømes vera ein ekstern person som leier debatten, summerer det dei høyrer og hjelper til med å sortera argumenta, seier Aasland.

I undersøkinga er det også dei som etterlyser nasjonale eller kommunale retningslinjer både for ei nedre grense på talet på elevar og for ei øvre grense på reisetid.

Binde politikarar

Det blir også teke til orde for at lokale parti bør binda representantane sine i spørsmål om skulenedlegging, slik at enkelte lokalpolitikarar ikkje må ta belastninga ved upopulære avgjerder i kommunestyret.

– Saker om skulenedlegging er likevel svært konfliktfylt. Er det i det heile mogleg å få til eit godt klima i slike saker?

– Eg trur ikkje ein skal vera så naiv å tru at skulenedlegging kan gå konfliktfritt føre seg. Det er likevel viktig å tenkja på at lokalsamfunnet og kommunen skal leva vidare uavhengig av korleis vedtaket blir. Dersom debatten blir så konfliktfylt at frontane vil halda seg i mange år, er det svært uheldig, seier Aasland.

– Treng demokratisk debattkultur

Erfaringane hans er også at skuleleiinga og kommuneadministrasjonen ønskjer at det skal bli ein god prosess – sjølv om dei som oftast er for nedlegging.

– Frå kommuneadministrasjonen blei det på mange måtar uttrykt at det var lokalsamfunnet si oppgåve å kjempa for å behalda skulen sin. Det blei sett på som eit sunt teikn på ei velfungerande bygd, utdjupar Aasland og kollegaen Susanne Søholt i ein kronikk i Utdanningsnytt.

Røynslene frå dei tre kommunane viser samtidig at det å seia meininga si i små lokalsamfunn ikkje alltid er like enkelt. Nokre gonger kan det kosta dyrt.

Grunnlag for konklusjon?

– I nokre kommunar fann vi familiar med avvikande syn. I vårt tilfelle var det anten familiar som ønskte at skulen skulle leggjast ned, eller at dei ønskte at barna skulle gå på ein annan skule. Dei hadde opplevd ein del sosial kontroll og syntest det vart svært ubehageleg, seier Aasland.

Skal saksgangen bli god, må alle standpunkt vera like legitime, strekar han under.

– I undersøkinga har de snakka med folk i tre kommunar. Er det stort nok grunnlag til å trekkja dei konklusjonane de har gjort?

– Viss du tenkjer på dette med sosial kontroll, så er ikkje funna vi har representative på nokon måte, men vi kan i alle fall seia at det er fenomen som gjer seg gjeldande og som vi også har høyrt om i andre kommunar, seier Aasland.

Å skapa arenaer der det er rom for alle typar meiningar meiner han difor er eitt av dei viktigaste råda til lokalsamfunn der skulenedlegging er tema.

Nesten 1400 skular lagt ned på vel 30 år

Ei kartlegging VG har gjort viser at det sidan 1986 har blitt lagt ned 1390 skular her i landet. Opplysningane byggjer på tal frå Utdanningsdirektoratet, Statistisk sentralbyrå og tal VG har henta inn frå kvar einskild kommune.

Ifølgje avisa er det første gongen det er laga ei slik samla oversikt over skulenedleggingar i Noreg dei siste tretti åra.

Kartlegginga viser samtidig at på same tid som 1.391 skular har blitt borte, har det blitt starta 772 nye grunnskular.

Færre enn 50 elevar

Ei spørjeundersøking VG har gjort viser også at 49 av 241 spurde kommunar anten har bestemt eller vurder å leggja ned skular som ein del av kommunesamanslåing eller ny skulestruktur.

Tal frå Utdanningsdirektorate t viser elles at dei fleste av skulane som blei lagt ned frå 2005 til 2015 hadde færre enn 50 elevar.

Samtidig som det blir færre små skular er tendensen at det blir fleire større skular. Kor store skulane er varierer mykje frå fylke til fylke.


Meir å lese på Sunnmøringen:
Ikkje utan konflikt - Eg trur ikkje ein skal vera så naiv å tru at skulenedlegging kan gå konfliktfritt føre seg. Det er likevel viktig å tenkja på at lokalsamfunnet og kommunen skal leva vidare uavhengig av korleis vedtaket blir, seier seniorforskar Aadne Aasland ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR. 
            (Foto: Margunn Sundfjord / NPK)

Ikkje utan konflikt - Eg trur ikkje ein skal vera så naiv å tru at skulenedlegging kan gå konfliktfritt føre seg. Det er likevel viktig å tenkja på at lokalsamfunnet og kommunen skal leva vidare uavhengig av korleis vedtaket blir, seier seniorforskar Aadne Aasland ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR. Foto: Margunn Sundfjord / NPK

Siste nyheter

Problem i trafikken

Snøkava held fram

Fleire vogntog har problem i trafikken på Stranda i morgontimane.

Fv. 63 Geiranger-Eidsdal

Open for trafikk

Rasferja Geiranger-Hellesylt

Ekstraavgangar søndag

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.

Gerhard B. Relling med minne frå Stranda

Leiken etter snøfall på 1960-talet

Problem i trafikken

Snøkava held fram