Jens Petter Fauske på landingsstaden i Stryn. Vi tør å påstå at sykkylvingen, frå Ikornnes, er litt strandar. Både mora og bestemora er frå Stranda, og han har også sitt daglege virke som automasjonsingenør på Orkla Foods Norge i Svemorka. (Foto: Privat)

Jens Petter Fauske på landingsstaden i Stryn. Vi tør å påstå at sykkylvingen, frå Ikornnes, er litt strandar. Både mora og bestemora er frå Stranda, og han har også sitt daglege virke som automasjonsingenør på Orkla Foods Norge i Svemorka. Foto: Privat

Strandadalen sett frå paraglideren. (Foto: Privat)

Strandadalen sett frå paraglideren. Foto: Privat

Stranda i all sin prakt. (Foto: Privat)

Stranda i all sin prakt. Foto: Privat

– Ei av dei mest spektakulære naturopplevingane eg har hatt, seier Fauske om denne delen av turen. Her kan ein sjå både Ljøen, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. (Foto: Privat)

– Ei av dei mest spektakulære naturopplevingane eg har hatt, seier Fauske om denne delen av turen. Her kan ein sjå både Ljøen, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. Foto: Privat

Ein vakker vårdag over Hellesylt. (Foto: Privat)

Ein vakker vårdag over Hellesylt. Foto: Privat

Kryssing av Flofjellet. (Foto: Privat)

Kryssing av Flofjellet. Foto: Privat

Snart i mål i Stryn. (Foto: Privat)

Snart i mål i Stryn. Foto: Privat

Flyruta til Fauske – frå Roalden til Stryn. (Foto: Google Maps)

Flyruta til Fauske – frå Roalden til Stryn. Foto: Google Maps

1 / 8

Sette ny lokal rekord:

Flaug med paraglider frå Roalden til Stryn

Søndag fekk Jens Petter Fauske, som har halde på med paragliding sidan 1990, ein flygetur heilt utanom det vanlege.

Turen starta ved Paviljongen Roalden på Strandafjellet, og gjekk gjennom Strandadalen, via Hellesylt til Vollset og via Flofjellet heilt til Stryn.

Du kan sjå fleire av bilda til Fauske i karusellen øvst i saka.

Rekord

I luftlinje er dette 46 kilometer. Med svingar og justeringar undervegs, blei turen på til saman 59,7 kilometer og tok over tre timar – tre timar og tretten minutt, for å vere eksakt.

Det er første gong i historia ein slik tur har funne stad frå Roalden, fortel Fauske. Det er også ny lengderekord med Paviljongen Roalden som startstad.

 – Spektakulær naturoppleving

På det høgste var han 1.679 meter oppe i lufta. Det var i Strandadalen, cirka 37 minutt etter takeoff. Den raskaste oppstigninga fekk han mellom Ljøen og Hellesylt. Då steig han 200 meter på eitt minutt.

– Å ligge og sirkle slik rett over Sunnylvsfjorden, er den mest spektakulære naturopplevinga eg nokosinne har hatt, fortel Fauske.

Fekk trua på Stryn

Fauske var i landingsmodus då han kom til Frøysa. Men også her fekk han hjelp av naturen til å kome seg høgare opp.

– Det var her eg for alvor fekk trua på kryssing over til Stryn. Eg hadde hatt kontakt med Leif Gunnar (Brandal, journ.mrk) på telefon undervegs på turen og før eg forlèt området fekk eg kontakt med han for å informere om kryssingsforsøket og for å få råd og informasjon om luftrommet i Stryneområdet, skriv han i flyloggen.

Kjensler i sving

Fauske seier at det var ein ubeskriveleg kjensle då han såg at det var mogleg å nå gardane på Flo.

– Då var det kjensler i sving, for å seie det slik. Eg var førebudd på landing der, men prøvde lesida vest for Flo. Ei flott og roleg boble tok meg opp att og eg kunne halde fram vestover mot Stryn sentrum. Ein utruleg herleg situasjon. Her sat eg og flaug mot Stryn, ein gamal draum hadde gått i oppfylling. Hentebil var undervegs og det var berre å cruise inn til landing, seier han.

Må studere vêr og vêrforholda

Fauske seier at å fly frå Strandafjellet til Stryn handlar meir om teknikk og kva naturen tillèt, enn flaks. Kunnskap om vêret og å sjekke vêrmeldingane for dagen, er svært viktig.

– Hadde skyene vore 500 meter lågare på søndag, hadde ikkje dette vore mogleg. Og då eg kryssa Flofjellet, fekk eg ingen hjelp av oppdrifta - det gjekk berre ned og ned. Likevel gjekk det fint og eg hadde god høgde heile vegen over. Oppdrifta kom først då eg kom ned mot Flo og det bare terrenget der på sørsida. Akkurat fjellpasseringar er litt krevjande, for ein kan ikkje rekne med å få noko særleg hjelp. Det same gjeld når ein tek turen til Sykkylven over Strandafjellet, seier Fauske.

Vil slå sin eigen noregsrekord

Fauske er, saman med Leif Gunnar Brandal og Oddvar Rise (begge frå Hareid), innehavar av noregsrekorden i FAI Triangel. Han forklarer at det inneber at ein startar ein stad, går via to punkt, før ein ender opp på startstaden igjen. Rekorden i denne trekantturen sette han og dei to andre i Stryn i fjor.

Lengda på rekorden er 85,4 kilometer - og målet no er å slå den.

– Det har vi planar om å gjere denne våren. Dei beste forholda her på Nordvestlandet kva gjeld paragliding har ein på denne tida, før juni månad, seier Fauske.

Han fortel at noregsrekorden i distanseflyging med paraglider i Norge er 235,6 kilometer. Fauske sin personlege lengderekord mellom to punkt, er 94,9 kilometer. Den sette han i Gudbrandsdalen.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Mykje skrål, lite ull

I går låg det ein liten lapp i postkassa vår ute på Fjørstad. Det er tid for kåring igjen, og det var då det gjekk opp for meg:

RENO-konkursen og ÅRIM

Konkurs byr på utfordringar

Reno-konkursen kan by på nokre utfordringar for drifta i ein kort fase før ein for til permantte løysingar.

Manifest mot mobbing

– Vi må vise oss som rollemodellar

Tilstandsrapporten om Stranda-skulen i kommunestyret vart til ein engasjert debatt om rolla kvar einskild strandar har som rollemodell for barn og unge.

1-5

Stranda tapte

Det vart tap også denne gongen for A-laget til Stranda

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Sunnylven

Sunnmørsstemne i helga

Hellesylt Ungdomslag arrangerer Sunnmørsstemnet for barn i helga.

Kommunestyret

Ny viltnemd i Stranda

Kommunestyret i Stranda vedtok i ettermiddag samrøystes ny viltnemd.

Sjukefråværet andre kvartal 2017

Stabilt sjukefråvær i fylket

Forvaltningsplan for rovvilt

Vil ha bort jerven