Styret i Geiranger Fjordservice har signert kontrakt med skipsbyggaren. Frå venstre er Øystein Maraak, Arild Gjørvad, dagleg leiar Helle Firhøj Jensen, Arnfinn Westerås, Bjørn Petter Tunheim, styreleiar Leif Magne Klubbenes og Rune Midtkandal, områdesalssjef i Maritime Partner.

Styret i Geiranger Fjordservice har signert kontrakt med skipsbyggaren. Frå venstre er Øystein Maraak, Arild Gjørvad, dagleg leiar Helle Firhøj Jensen, Arnfinn Westerås, Bjørn Petter Tunheim, styreleiar Leif Magne Klubbenes og Rune Midtkandal, områdesalssjef i Maritime Partner.

Har bestilt ny sightseeingbåt

Skipsbyggaren må bygge om produksjonshallen sin for å få plass til den nye katamaranen som skal gå på Geirangerfjorden.

Geiranger Fjordservice har inngått ein avtale med Maritime Partner om kjøp av ein ny turistbåt for fjordsightseeing.

Dette vil vere den største båten selskapet har bygd – og dei må altså sjølv bygge om for å få plass til å lage den.

Tenker grønt

Katamaranen blir laga av miljøvenleg og resirkulert materiale, og vil bruke eit miljøvenleg framdriftssystem så langt dette er mogleg. Det blir blant anna lagt til rette for at fartøyet skal kunne drivast med hydrogen, når dette blir mogleg.

– Meir enn 50 prosent av skroget og overbygget blir bygd i allereie resirkulert aluminium, som kan resirkulerast på nytt når båten ikkje lenger er i bruk, seier Maritime Partner i ein uttale.

Designa for utsyn

Når den er ferdig, vil den ha plass til 147 passasjerar.

Store vindaugsareal skal sørgje for at også dei som er inne i salongen skal få nyte den flotte naturen.

Utvidar flåten

Geiranger Fjordservice seier i ein uttale at responsen blant turistar har vore så positiv at dei såg behov for å utvide flåten. Dei kjem til å behalde båten dei brukar i dag, M/S Geirangerfjord.

I tillegg til fjordsightseeing, er den nye båten også lagt til rette for charterturar og reservebåtoppdrag for hurtigbåtar i sommarsesongen.

Ifølgje Maritim Magasin vil den vere leveringsklar til neste sesong, 30. mai 2018.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Illustrasjon som viser korleis den nye turistbåten kjem til å sjå ut.
(Foto: Maritime Partner)

Illustrasjon som viser korleis den nye turistbåten kjem til å sjå ut. Foto: Maritime Partner

Siste nyheter

Kan ta i mot meir avfall på Kjølen

Etter at lokala deira i Ødegårdsvegen 130 brann ned i juni i fjor, har Stranda Gjenvinning og Transport AS halde til på Kjølen Miljøstasjon.

Sjå kommunestyret direkte

Stranda kommunestyre har møte i dag, onsdag 21. juni.

Har fått over ein million til utvikling og produksjon

Gir støtte til ny Øie-film

Debatt med sterkt engasjement

Vil ha tilbod

Debatten rundt avlastingsbustader for barn og ungdom med særskilt stort behov, mangla ikkje engasjement.

Suksess-program

TV-team stenger Trollstigen

Trollstigen blir stengd i periodar i dag og i morgon.

2.581 strandarar får igjen på skatten

I dag kjem skattepengane

Kan ta i mot meir avfall på Kjølen

Etter at lokala deira i Ødegårdsvegen 130 brann ned i juni i fjor, har Stranda Gjenvinning og Transport AS halde til på Kjølen Miljøstasjon.

Stranda pensjonistlag

Valkampopning i Stranda "Slippen min" sigra

Det mangla ikkje på tema då sentrale politikarar drog i gang valkampen i Stranda.

Varslar straumstans i natt

Nettselskapet koplar ut høgspentlinjene mellom Stranda vgs og Korsbakken.

Fleire fekk forenkla førelegg

Laserkontroll i Velledalen

Damelaget Stranda/Sunnylven

To sigrar på to kampar

– Vi spelar for å vinne, fortel trenar Geir Koppang.