Toppen av gondolbana, der det òg står klar ein restuarant under opninga 20. mai.
(Foto: Lars Korvald/Loen Skylift)

Toppen av gondolbana, der det òg står klar ein restuarant under opninga 20. mai. Foto: Lars Korvald/Loen Skylift

Dronninga opnar gondolbane i Loen

Laurdag 20. mai kjem dronning Sonja til Loen for å opne Loen Skylift som skal frakte passasjerar frå sjø til snaufjell på berre fem minutt.

Det er éin ting som står i hovudet på dei som er involverte i Loen Skylift om dagen: Å bli ferdige til opninga, fortel Richard Grov. Han er direktør ved Hotel Alexandra, som er den største aksjonæren i Hoven Loen AS, som står bak den nye gondolbana Loen Skylift.

– Som i alle andre prosjekt, er det berre eitt fokus hos dei involverte når det nærmar seg opning. Men me blir ferdige til laurdag, forsikrar Grov.

Dronninga skal klippe snor

På opningsdagen 20. mai, får dronninga selskap av fleire hundre inviterte. Investorar, aksjonærar og venner av Loen kjem for å ta anlegget i bruk denne dagen. Men det er fritt fram for alle å sjå dronninga klippe snora.

Interessa rundt bana og opninga av ho er Richard Grov godt fornøgd med. Bana har allereie blitt omtalt i mange ulike medium rundt om i verda.

Den første offisielle driftsdagen er søndag 21. mai. Då kan publikum sjølv ta kabinane i bruk. Kostnadane på prosjektet er på nesten 300 millionar kronar. Lengda på banen er 1600 meter, og ein stig frå fjordkanten og opp til Hoven, frå høvesvis 10 til 1001 meter over havet.

To kabinar

Det er to vogner i gondolbana, som er bygd etter pendelbaneprinsippet. Det vil seie at teknologien er basert på vektutlikning mellom dei to vognene, der den eine går opp medan den andre går ned. I kvar vogn er det plass til mellom 40 og 45 passasjerar.

Dette er ein av dei brattaste gondolbanane i verda, skriv NRK.no. På det høgste er det eit fritt fall på 173 meter. Den brattaste stiginga er på 53 grader.

Der gondolbana stoppar på toppen opnar laurdag Hoven restaurant, som har plass til over 300 gjester. Der sit gjestene med panoramautsikt over fjell, fjord og brear. Frå restauranten, er det òg mange moglegheiter for turgåing, sommar som vinter.

Bølgje av entusiasme

Kommunestyret i Stryn var frå første stund positive til å få prosjektet på beina, og selskapet Hoven Loen AS har heile bygda bak seg når dei opnar gondolbana laurdag.

– Dette er ein gammal draum for mange her. Og når det endeleg skjer, utløyser det ei bølgje av entusiasme. Det er motiverande, seier Grov.

Kabelheisen finst det ikkje maken til i Noreg, og under utviklinga av han har aktørar frå Loen vore fleire stader rundt om i verda og sett på ulike anlegg. Det dei får i Loen no er på høgde med dei beste anlegga i Alpane.

– Dette er topp produksjon som blir lagt merke til internasjonalt, seier Grov.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Steinras frå Skafjellet i natt:

NVE: – Hald avstand frå fjellsidene

Venstreleiar Trine Skei Grande og Pål Farstad (V)

Kjem på snarvisitt til Stranda

Turist frå London er imponert over Vestlandet:

– Konsekvent slåande natur

Steinras frå Skafjellet i natt:

NVE: – Hald avstand frå fjellsidene

Har opna sommarutsal på Hellesylt

Denne sommaren sel ikkje Linda Fausa varer frå fjordane i Geiranger, men på Hellesylt. Ho fortel at ho var skeptisk til om det kom til å gå like bra, men seier at ho er positivt overraska.

Venstreleiar Trine Skei Grande og Pål Farstad (V)

Kjem på snarvisitt til Stranda

Turist frå London er imponert over Vestlandet:

– Konsekvent slåande natur

Hellesylt Hydrogen Hub

Dannar AS

Fleire aktørar går saman om å danne aksjeselskapet Hellesylt Hydrogen AS. Målet er å utnytte lokal kraftproduksjon.

For dyrt med landstraum for cruiseskip

Cruiseskip slepp ut store mengder klimagassar medan dei ligg til kai. Men løysinga som ville kutta utsleppa er for dyr.