Miølhøhamner Bellona meiner ein må opprette miljøhamner lenger ute i fjorden med ei skyssordning til

Miølhøhamner Bellona meiner ein må opprette miljøhamner lenger ute i fjorden med ei skyssordning til "indrefileten" av fjordane. Foto: Bellona

Bellona

Miljøhamner kan avlaste Geiranger

Bellona meiner at svaret på eit overfylt Geiranger er miljøhamner i Valldal, Stranda og Hellesylt.

- Cruiseskipa kan legge til kai og koplast til landstraum lenger ute i fjorden, og derfrå kan sightseeing på fjorden eller på vegane skje med utsleppsfrie fartøy inn til Geiranger, meiner Bellona.

Røyk Til tider ligg det eit tjukt lag av røyk over Geiranger på grunn av Cruiseskipa. Fjord Norge meiner Geiranger på slike dagar ikkje oppfyller dei forventningane som mange turistar har.
(Foto: Staale Wattø (Sunnmørsposten).)

Røyk Til tider ligg det eit tjukt lag av røyk over Geiranger på grunn av Cruiseskipa. Fjord Norge meiner Geiranger på slike dagar ikkje oppfyller dei forventningane som mange turistar har. Foto: Staale Wattø (Sunnmørsposten).

Administrerande direktør Kristian B. Jørgensen i Fjord Norge seier til NRK Sogn og Fjordane at  Flåm og Geiranger er i ferd med å nå mettingspunktet for kor mange turistar dei kan ta i mot.

Unngår Flåm og Geiranger

– Vi har definitivt turoperatørar som jobbar med det vi kallar «high end-kundar», altså godt betalande kundar, som seier til oss at dei unngår Flåm og Geiranger og også andre stadar på den verste tida av året, seier Jørgensen i Fjord Norge til NRK Sogn og Fjordane. Han meniner ifølgje NRK at desse stadene ikkje er den opplevinga turoperatørane har presentert for sine kundar.

- Dei har marknadsført urørt natur og ynskjer å gi kundane sine det ekte fjordnorge. Difor vel dei andre reiseruter, hevdar direktøren i Fjord Norge.

Bellona har idear

Bellona har lenge hatt sine løysingar for m.a. Geiranger-fjorden. Dei meiner skipa kan leggje til kai i Stranda, Valldal eller Hellesylt, mens turistane kjørels inn i indrefileten med batteri- eller hydrogendrive båt. Turistar over land kjørels i batteri- eller hydrogenbuss.

Bellona meiner både Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har overskot på fornybar straum i desse områda. Det er viktig å ta i bruk krafta lokalt. Landstraum til skip, lading av batteri og produksjon av hydrogen er fine moglegheiter her.

Strengare utsleppskrav

Bellona støtter elles dei strengare utsleppskrav som Sjøfartsdirektoratet på oppdrag frå Klima- og miljøverndepartementet har foreslått til cruiseskip og andre fartøy som besøker de tre norske fjordane på UNESCOs verdensarvliste. (Sjå fakta).

Meir å lese på Sunnmøringen:
Krav frå Sjøfartsdirektoratet
  • • Krav om at skip skal ha reinsesystem som reduserer utslipp av NOx
  • • Kun tillate bruk av drivstoff med lågt svovelinnhald
  • • Synleg utslipp av røyk frå skip skal oppfylle krav til gjennomsiktighet
  • • Rapporteringskrav for alle skip som går inn i verdensarvfjordene
  • • Redusere tal på skipsanløp totalt eller per dag/veke
  • • Fastsette maksimal hastigheit i definerte soner for å redusere drivstofforbruk og utslipp
  • Forbod mot utslipp av scrubbervann, gråvatn, ureinsa og reinsa kloakk,
  • På det vedlagde kartet har vi ringet inn de områda vi ser for oss som utsleppsfrie.
  • Cruiseskipa kan legge til ved Stranda, etter kvart i Valldalen og også i Hellesylt.
Røyk Til tider ligg det eit tjukt lag av røyk over Geiranger på grunn av Cruiseskipa. Fjord Norge meiner Geiranger på slike dagar ikkje oppfyller dei forventningane som mange turistar har.
(Foto: Staale Wattø (Sunnmørsposten).)

Røyk Til tider ligg det eit tjukt lag av røyk over Geiranger på grunn av Cruiseskipa. Fjord Norge meiner Geiranger på slike dagar ikkje oppfyller dei forventningane som mange turistar har. Foto: Staale Wattø (Sunnmørsposten).

Siste nyheter

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Mykje skrål, lite ull

I går låg det ein liten lapp i postkassa vår ute på Fjørstad. Det er tid for kåring igjen, og det var då det gjekk opp for meg:

RENO-konkursen og ÅRIM

Konkurs byr på utfordringar

Reno-konkursen kan by på nokre utfordringar for drifta i ein kort fase før ein for til permantte løysingar.

Manifest mot mobbing

– Vi må vise oss som rollemodellar

Tilstandsrapporten om Stranda-skulen i kommunestyret vart til ein engasjert debatt om rolla kvar einskild strandar har som rollemodell for barn og unge.

1-5

Stranda tapte

Det vart tap også denne gongen for A-laget til Stranda

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Sunnylven

Sunnmørsstemne i helga

Hellesylt Ungdomslag arrangerer Sunnmørsstemnet for barn i helga.

Kommunestyret

Ny viltnemd i Stranda

Kommunestyret i Stranda vedtok i ettermiddag samrøystes ny viltnemd.

Sjukefråværet andre kvartal 2017

Stabilt sjukefråvær i fylket

Forvaltningsplan for rovvilt

Vil ha bort jerven