Måndag øvde skulekorpset på masjering til 17. mai. (Foto: Privat)

Måndag øvde skulekorpset på masjering til 17. mai. Foto: Privat

Korpset i vinden

Stranda skulekorps håper det er ein ny trend på gang.

Vanlegvis er stega i korpset følgande: aspirant – junior – vanleg skulekorps. Men i år blei altså Stranda skulekorps nøydd til å slå saman junior- og skulekorpset fordi dei rett og slett ikkje hadde nok musikarar. No er dei 9–10 stykk i det samanslåtte korpset, men mangel på aspirantar ser det ikkje ut til å vere.

– Vi føler det er mykje giv i korpset. Vi har 12 aspirantar i år, noko som er veldig mykje i forhold til tidlegare år, fortel Gunnhild Overvoll som sit i styret til korpset.

I fjor heldt dei ein konsert på skulen, og det var altså då 12 nye musikarar melde seg. I år går dei for ein ny konsert, og endå fleire rekruttar.

Ny trend?

– Korpset har slite, og har vore litt for lite. Men slik trenden er no, blir det nok eit mykje større korps etter kvart. Det er i alle fall det vi håpar, seier Overvoll som på vegner av korpset kan freiste med eit tilbod som kanskje bidreg til rekrutteringa.

Støttemedlem

– Vi spanderer eit år med kulturskule for alle aspirantar. I tillegg har vi hatt bruk for dobbelt opp med instruktørar ettersom junior- og skulekorpset blei slått saman. Men det er jo klart at dette kostar oss litt, fortel ho.

Det er difor dei no nyleg har sat i verk moglegheita for å bli støttemedlem av korpset. Dei er godt i gang med å sende ut invitasjonar, og har så langt motteke positiv respons.

– Det er ikkje sikkert dette er noko vi kjem til å fortsette med i åra framover, men vi er litt avhengig av at andre også vil hjelpe, seier Overvoll.

17. mai

No er det spente musikarar i alle årsklasser som gleder seg til 17. mai.

– Vi stiller til 17. mai med eit skulekorps som er forsterka med fleire vaksne musikantar. Eg høyrde når dei øvde i går, og det låt veldig bra altså, seier Overvoll som håper det blir eit enda fyldigare korps til neste år.


– Det kan jo sjølvsagt vere tilfeldig, men eg håpar jo at korps er meir i vinden. Eller så kan det faktisk hende av vi har gjort ein spesielt bra rekrutteringsjobb, ler Overvoll og legg til at ho sanneleg ikkje veit kva det skuldast. Kanskje kan det også grunne i dei stilige allversjakkene dei har fått sponsa av Sparebanken Møre no nettopp. Naudsynt når ein går i korps på Sunnmøre.

– No får vi sjå om denne trenden held seg, det er i så fall kjempepositivt. Miljøet rundt det er viktig, seier ho.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Mykje skrål, lite ull

I går låg det ein liten lapp i postkassa vår ute på Fjørstad. Det er tid for kåring igjen, og det var då det gjekk opp for meg:

RENO-konkursen og ÅRIM

Konkurs byr på utfordringar

Reno-konkursen kan by på nokre utfordringar for drifta i ein kort fase før ein for til permantte løysingar.

Manifest mot mobbing

– Vi må vise oss som rollemodellar

Tilstandsrapporten om Stranda-skulen i kommunestyret vart til ein engasjert debatt om rolla kvar einskild strandar har som rollemodell for barn og unge.

1-5

Stranda tapte

Det vart tap også denne gongen for A-laget til Stranda

Demensaksjonen 2017

- Ta godt imot oss!

Klasse 10A ved Stranda ungdomsskule oppmodar strandarane til å ha godt med kontantar når dei i helga kjem på døra.

Sunnylven

Sunnmørsstemne i helga

Hellesylt Ungdomslag arrangerer Sunnmørsstemnet for barn i helga.

Kommunestyret

Ny viltnemd i Stranda

Kommunestyret i Stranda vedtok i ettermiddag samrøystes ny viltnemd.

Sjukefråværet andre kvartal 2017

Stabilt sjukefråvær i fylket

Forvaltningsplan for rovvilt

Vil ha bort jerven