Atikkel Pedro Matos tok redaktøren av bladet Terrengsykkel med på ein tur til Stranda. Det er blitt til ein stor artikkel i siste utgåve av bladet.
(Foto: Johan Behrentz)

Atikkel Pedro Matos tok redaktøren av bladet Terrengsykkel med på ein tur til Stranda. Det er blitt til ein stor artikkel i siste utgåve av bladet. Foto: Johan Behrentz

Bladet Terrengsykkel

Flott Stranda-reklame

Bladet Terrengsykkel, som kjem ut i desse dagar, har laga ein stor reportasje om terrengsykling i Stranda.

På heile 13 sider med store fargebilete, følgjer vi sykkelentusiasten Pedro Matos på ville vegar i fjella rundt Stranda. I tre dagar nådde dei 16 turpostar.

Stort potensiale

-Terrenget rundt Stranda har eit stort potensiale for sykling. Med litt vedlikehald opnar ein ikkje berre fjellet for syklistar, men også for turgåarar, meiner Pedro. Då han slo seg i lag med Stranda-jenta Marita Solli, forelska han seg også i naturen rundt Stranda. Tidlegare dreiv han mykje med alpint, men ein skade gjorde at han starta med terrengsykling for seks, sju år sidan. Han må reknast for å vere vidarekomen.

Turisme om sommaren

-Det er vel ikkje berre for alle og ein kvar å sykle ned frå bratte fjell?

-Ein må nok vere erfaren for å gjere det, men med tilrettelegging av stiar vil fleire kunne gjere det, seier Pedro. Han meiner tilrettelegging for terrengsykling vil vere noko for aktivitetsturismen også om sommaren. Turristar etterspør mange typar aktivitetar.

Redaktøren vart med

Artikkelen er skrive av redaktøren for Terrengsykkel, Kristoffer H. Kippernes, som også har tatt dei flotte bileta.

- Det er tre år sidan eg først spurde om ikkje redaktøren ville vere med hit, seier Pedro Matis, som har mange planar om aktivitetar i terrenget rundt Stranda.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Steinras frå Skafjellet i natt:

NVE: – Hald avstand frå fjellsidene

Venstreleiar Trine Skei Grande og Pål Farstad (V)

Kjem på snarvisitt til Stranda

Turist frå London er imponert over Vestlandet:

– Konsekvent slåande natur

Steinras frå Skafjellet i natt:

NVE: – Hald avstand frå fjellsidene

Har opna sommarutsal på Hellesylt

Denne sommaren sel ikkje Linda Fausa varer frå fjordane i Geiranger, men på Hellesylt. Ho fortel at ho var skeptisk til om det kom til å gå like bra, men seier at ho er positivt overraska.

Venstreleiar Trine Skei Grande og Pål Farstad (V)

Kjem på snarvisitt til Stranda

Turist frå London er imponert over Vestlandet:

– Konsekvent slåande natur

Hellesylt Hydrogen Hub

Dannar AS

Fleire aktørar går saman om å danne aksjeselskapet Hellesylt Hydrogen AS. Målet er å utnytte lokal kraftproduksjon.

For dyrt med landstraum for cruiseskip

Cruiseskip slepp ut store mengder klimagassar medan dei ligg til kai. Men løysinga som ville kutta utsleppa er for dyr.