Nytt tilbod:  Inger Storheim frå Nasjonalforeningen for folkehelsen  i Møre og Romsdal orienterte om aktivitetsvenn-tilbodet for dei vel 30 frammøtte på Frivilligsentralen torsdag ettermiddag.
            (Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær)

Nytt tilbod: Inger Storheim frå Nasjonalforeningen for folkehelsen i Møre og Romsdal orienterte om aktivitetsvenn-tilbodet for dei vel 30 frammøtte på Frivilligsentralen torsdag ettermiddag.Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Aktivitetsvenn og pårørandeskule

Fleire tilbod startar opp

Både aktivitetsvenn og pårørandeskule er planlagd starta opp til hausten som ein del av eit interkommunalt samarbeid.

Aktivitetsvenn er eit prosjekt starta av Nasjonalforeningen for folkehelsen i etterkant av TV-aksjonen i 2013.

– Det å vere aktivitetsvenn betyr at du gjer dei aktivitetane du likar å gjere saman med ein person som har demens. Du kan gå tur, du kan fiske, eller du kan ta ein kopp kaffi. Moglegheitene er mange, sa Inger Storheim som er i fylkesstyret for Nasjonalforeningen i Møre og Romsdal.

Ho er sjølv aktivitetsvenn, og fortalde om sine eigne røynsle.

Akvititetsvenn for 99-åring

– Eg er aktivitetsvenn for ei dame på 99 år. Vi har ein fast dag vi er saman på, og eg gler meg stort til kvar gong vi treffast. Det er fantastisk å vere aktivitetsvenn, sa ho.

– Det kan godt vere at personen med demens ikkje hugsar kva de har gjort saman i etterkant. Men kjensla frå ei positiv oppleving, den ber dei med seg, poengterte ho.

Storheim understreka at det er viktig med felles interesser, slik at ein kan få ein god match.

Alle i alderen 15 til 85 år kan melde seg som aktivitetsvenn.

– Det vi har sett, er at studentar og skuleelevar har vore veldig interesserte i å vere aktivitetsvenner, mellom anna i Kristiansund og i Ålesund. Dei fortel oss at det gir dei mykje å vere aktivitetsvenn, sa ho.

Tilbodet i Stranda blir i første omgang tilknytt Stranda og Sunnylven omsorgssenter, for å hauste røynsler med tilbodet.

Pårørandeskule

For pårørande til personar med demens, er det òg planlagd å opprette eit tilbod som heiter pårørandeskule.

– Dette er eit interkommunalt samarbeid mellom fleire kommunar på indre Sunnmørfe og Byrg kompetanse, fortalde Ingvild Nykrem som sjølv har brei erfaring innan feltet.

– Vi ser at det er eit behov for meir informasjon om demens til pårørande, og vi ser at belastinga på pårørande blir vurdert som tyngre enn pårørande til andre pasientgrupper. Informasjon og støtte tidleg i demensløpet er viktig, det same er oppfølging, sa Nykrem.

Siw Kvame i Byrg understreka at dette tilbodet kan gi tryggleik og meistring av situasjonen.

– Vi planlegg både førelesingar om emnet, og gruppesamtaler tilknytt eigne samlingar, sa ho.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

PR-kampanje kan ha bidrege til å løysa viking-tjuveri i Bergen

Tjuveriet av vikingskattar frå Universitetsmuseet i Bergen vekte merksemd også i utlandet. Ein aktiv PR-strategi kan ha vore med på å løysa saka.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember