Noreg:

Låg vekst i folketalet

I første kvartal i år voks befolkninga med 8.829 personar. Det er den lågaste veksten i denne perioden sidan 2006.

Veksten blir på 0,17 prosent og er den lågast registrerte etter at EU utvida den indre marknaden i 2006, melder Statistisk sentralbyrå (SSB).

Totalt bestod Noreg av 5.267.100 personar per 1. april 2017. Det vart fødd 13.700 barn, mens 11.300 personar døydde i første kvartal. Det gir eit fødselsoverskot på 2.400 personar, det lågaste sidan 2003.

Innvandringa var noko høgare enn i første kvartal året før, mens utvandringa var omtrent på same nivå. Rundt 15.200 personar vart registrerte som innvandra, mens rundt 8.800 utvandra.

Blant utanlandske statsborgarar var det flest polakkar og litauarar som utvandra, mens det kom flest innvandrarar frå Syria, Polen og Eritrea.

©NPK

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal:

Ber om endring av fylkesnamnet "Vestlandet"

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

PR-kampanje kan ha bidrege til å løysa viking-tjuveri i Bergen

Tjuveriet av vikingskattar frå Universitetsmuseet i Bergen vekte merksemd også i utlandet. Ein aktiv PR-strategi kan ha vore med på å løysa saka.

Fv 60 Hornindal-Hellesylt

Omfattande berging

Fylkesveg 60 er stengt for tunge køyretøy i Indre Hornindal, men personbilar kan køyre om.

"Vestlandet":

Ber om fylkesnamn som ikkje provoserer naboane

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal med klar tale til Stortinget.

Sesongopning ved Strandafjellet skisenter

Fryda seg vilt i djupsnøen

Ring søkjer eigar:

Har du mista gifteringen din på ferja?

Mannskapet på M/F Sykkylvsfjord passar i tilfelle godt på den – men dei vil gjerne gi den tilbake!

Martine Lorgen Øvrebust

10.-plass på Beitostølen

Glatte vegar – også i Stranda:

– Køyr varsamt og etter forholda

Detaljregulering for skytebane på Stavseng

Feil gir høyringsfrist i desember