Freista med korps-konsert

I fjor gjorde Stranda skulekorps god rekruttering, no håpar dei på å gjenta suksessen i år.

Stranda skulekorps freista dei andre elevane til å bli med i korpset med to konsertar på Ringstad skule. Foto: Maria Moe

Nyhende

Stranda skulekorps har slite litt med bemanninga dei siste åra, men gjorde i fjor eit byks og sikra seg tolv aspirantar.


Korpset i vinden

Stranda skulekorps håper det er ein ny trend på gang.

– Det kan jo sjølvsagt vere tilfeldig, men eg håpar jo at korps er meir i vinden. Eller så kan det faktisk hende av vi har gjort ein spesielt bra rekrutteringsjobb, har Gunnhild Overvoll tidlegare undra seg ovanfor Sunnmøringen.

Gjentok suksessen

I fjor hadde skulekorpset ein konsert ved Ringstad skule, som Overvoll trur kan ha bidratt til rekrutteringa. I år går dei altså inn for å gjenta denne suksessen, og i løpet av onsdag morgon og føremiddag heldt dei konsertar for tredje- og fjerdeklassingane.


Musikkorps i det fri

Blåser i naturen

Eidsdal Musikkorps er mellom 15 korps i Møre og Romsdal som legg ut på tur med instrumenta sine.

Då var det ikkje berre spente elevar i publikum, men også musikantar som fekk vist kva dei kan med både gruppe- og solonummer. Etterpå fekk elevane prøve dei ulike instrumenta og korpset er spent på om nokon lét seg freiste.

– Vi er sjølvsagt spente på om nokon blir freista til å bli med oss og spele, seier Overvoll.