Hellesyltdagane  Det blir jubileum for det store arrangementet som går føre seg 7. til 9. juli på Hellesylt. I år som tidlegare er det eit fyldig program.
            (Foto: Anniken Westad)

Hellesyltdagane Det blir jubileum for det store arrangementet som går føre seg 7. til 9. juli på Hellesylt. I år som tidlegare er det eit fyldig program.Foto: Anniken Westad

Hellesyltdagane fyller 30 år

Det heile starta med ein loppemarknad, og utvikla seg etter kvart til å bli ein familiefestival.

Svein Sporstøl har vore ein viktig del av arrangementskomiteen dei fleste av desse 30 åra.

– Det begynte med at Sunnylven sanitetslag hadde ein loppemarknad, og så blei nye ting hengt på undervegs, fortel han om bakgrunnen til korleis det heile starta i 1987.

Sanitetslaget arrangerer framleis loppemarknad under Hellesyltdagane, som tidlegare gjekk under namnet «Sommardagane på Hellesylt».

Arrangement for alle

Sporstøl fortel at visjonen bak sommarhelga er at det skal vere noko for alle – både barn, ungdom og vaksne.

Laurdag og søndag er det gratis utekonsertar, i år med kjende namn som Eldar Vågan og Sandra Lyng Haugen på plakaten. Det blir også lokale innslag på utescena, med blant andre sunnylvsbandet Nameless, Gaute Gneis og leikarringen i Hellesylt ungdomslag.

– I filosofien ligg det vi må ha med nokre kjende artistar, men at vi ikkje skal ikkje gløyme det lokale. Vi har som mål å få til ein miks som vi synest kan vere brukbar. Og det føler eg at vi får til, seier Sporstøl.

Aktivitetar som ein kan vere med på, spenner seg frå tivoli og bingo til ribbåt- eller helikopterturar.

Suksess med fri inngang

Sporstøl trur at suksessen til Hellesyltdagane ligg i at det er fri inngang til sentrumsområdet både laurdag og søndag.

– Eg trur hovudgrunnen er at vi har klart å unngå eit messepreg. Det har vi hatt som mål heile tida, at vi ikkje skal lage sentrum til eit messeområde med inngangsbillett. Her skal folk få lov til å gå heile helga og gjere akkurat det dei vil. Folk skal få sleppe å betale berre for å vere her, seier han.

Det store andesleppet frå Hellesyltfossen, som går føre seg søndagen, er eit anna viktig innslag i løpet av sommardagane.

Loddsalet til dette er ein av inntektskjeldene til komiteen, i lag med bodleige og annonseinntekter frå Hellesyltdagane-avisa.

– Filosofien bak det økonomiske er at vi skal ha ein null-rekneskap. Vi vil gjerne starte planlegginga til neste år med ein buffer, men ikkje noko meir enn det. Dei som skal tene pengar på dette, er dei ulike laga og organisasjonane, seier Sporstøl.

Han nemner blant anna sal av grillmat som ein av desse inntektskjeldene. Det er det fotballgruppa i Sunnylven Idrottslag som står for.

Kyrkjekonserten kan bli utselt

I år det Maria Haukaas Mittet som skal ha fredagskonserten i Sunnylven kyrkje. Ho vil også ha med seg barnekoret frå Sunnylven, Joyful, på scena.

Dei brukar å bli utselte desse kyrkjekonsertane, og Sporstøl fortel at dei har selt fleire billettar til Haukaas Mittet allereie.

– Dersom ein ønskjer å få med seg denne, bør ein helst ikkje vente til dei siste dagane før konserten, seier han.

Gode framtidsutsikter

Dei 30. Hellesyltdagane blir arrangert frå fredag 7. juli til søndag 9. juli.

Sporstøl trur arrangementet har ei lys framtid.

– Spesielt no, når det er bestemt frå kommunalt hald at vi får behalde skulen vår. Eg trur i alle fall at det er såpass viktig for så mange, at dagane har ei framtid. Det krevst berre at folk vil dette, seier han.

Sommardagane, som er med på å sette Hellesylt på kartet, har trekt fleire yngre folk til komiteen dei siste par åra,

– Det er heilt klart noko som er veldig positivt. Så kan vi gamle snart pensjonere oss, smiler veteranen, som har vore med sidan dag éin.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Kommunestyret vedtok torsdag å sende saka om legekontor på Hellesylt til handsaming i helse-, oppvekst- og kulturutvalet (HOK).

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune skal onsdag avgjere om rutehefta i fylket kun skal finnast digitalt.

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Stranda kommune fekk avslag på søknad om tilskott til breidbandsutbytting frå Nasjonal Kommunikasjonsmyndigheit (NKOM).

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

I helga kan alle som er interesserte i stjernehimmelen få med seg den årlege meteorsvermen Orionidene.

Legekontoret på Hellesylt

Sender saka til HOK

Ørnesvingen

Utforkøyring i Geiranger

Politiet melder litt over klokka fire laurdag ettermiddag om ei utforkøyring i Geiranger, i nærleiken av Ørnesvingane.

Ruteheftene i fylket

Vil kutte ut papiret

Breidbandsutbygging i Stranda

Avslag frå NKOM

Meteorsverm på himmelen

Orionidene synleg i helga

Reguleringsplan for Lien Hyttegrend

Eigengodkjend for andre gong

Kommunestyret vedtok mot to stemmer igjen å eigengodkjenne reguleringsplanen for Lien Hyttegrend. Det førre vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen.

– Bli bøssebærar

– Meld dykk som bøssebærarar, er den klare oppmodinga frå aksjonskomiteen for TV-aksjonen.