Mange ballar i lufta: Uteguiden vil også satse meir på bedrifter og gruppeaktivitetar framover. Samstundes må dei gjere seg klar til å ta i mot 500 startande til Stranda Fjord Trail Race 19. august. Bilete frå frå Flosteinnibba i Sunnylven : Håvard Myklebust
            (Foto: Håvard Myklebust)

Mange ballar i lufta: Uteguiden vil også satse meir på bedrifter og gruppeaktivitetar framover. Samstundes må dei gjere seg klar til å ta i mot 500 startande til Stranda Fjord Trail Race 19. august. Bilete frå frå Flosteinnibba i Sunnylven : Håvard MyklebustFoto: Håvard Myklebust

Går inn i sommarsesongen som aldri før

Med naturleg lidenskap

Frå før har vintersesongen vore i fokus. No skal Uteguiden satse meir på sommaraktivitet.

I over ti år har Oscar Almgren hatt friluftsliv som virke, og i 2012 starta han Uteguiden. Den gangen var han aleine, medan han i dag har tilsett fire guidar på fulltid, og ein i ei deltidsstilling. Etter fire år har Almgren erfart at det verkeleg er eit marknad for friluftslivet i området til Stranda, og han er spent på kor stort dette kan blir. Hovudsakeleg er det Sunnmørsalpane som er området Uteguiden opererer i, men 1. mai opna han også ei avdeling i Ålesund. Basen er på Stranda.

Ikkje flytte

– Så lenge det er nok å ta av her i området, ser eg ingen grunn til å flytte, seier Almgren som har ein stor lidenskap for friluftslivet.

– Det er mykje anna ein kan gjere, som inneber både mindre arbeidstimar og meir pengar. Men det er noko med fjell og natur, slår han fast.

Det var i 2009 at Oscar Almgren, som opphavleg er frå Sverige, kom til Stranda. Då jobba han i skipatruljen, men fekk etter kvart tanken om å ta fatt i «dei utrulege mogelegheitene» han såg i området.

– Eg såg eit stort potensial her. Det som er styrken til denne staden er at det er så mykje å oppleve på kort avstand. Du kan kombinere både padletur, skitur og topptur på same staden, seier han og legg til at han opplever lite konkurranse frå andre aktørar.

– Då eg begynte med dette var det ingen konkurranse frå andre, og det har eg vel heller ikkje så mykje av no. Det som utfordrar meg litt er andre reisemål. Vi må få folka hit, seier han og legg til at dette er jo bra for fleire aktørar.

– Hotellet dreg for eksempel nytte av det.

Sommar-satsing

Om det er vande friluftsliv -folk som vil oppfylle draumen om norske fjordar og fjell, eller om det er andre turistar som er ute etter ein meir uvand og eksotisk sommarferie, ja så stiller Almgren og Uteguiden opp. På sommar-programmet finn ein nemleg alt frå fjellturar og klatring, til kajakkpadling-

– Vi skal prøve oss litt på sti-sjukling også, seier Almgren som med dette går inn for å satse meir på sommaren.

– Vinter har vore vår sesong med toppturar og mykje skredkurs. Frå og med i sommar skal vi satse meir på denne sesongen, seier han og avsluttar:

– Det blir spennande å fortsette å utvikle nye produkt, og sjå om det held fram og vekse.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Uteguiden:  Oscar Almgren er mannen bak Uteguiden. Tidlegare har han fokusert mest på vintersesongen, men no er han klar for å satse meir med sommaraktivitet. ARKIVFOTO: Hege Bjørkedal
            (Foto: Hege Bjørkedal)

Uteguiden: Oscar Almgren er mannen bak Uteguiden. Tidlegare har han fokusert mest på vintersesongen, men no er han klar for å satse meir med sommaraktivitet. ARKIVFOTO: Hege BjørkedalFoto: Hege Bjørkedal

Spektakulært: Oscar Almgren såg tidleg potensialet i Stranda og omland. Det viktigaste er dei korte avstandane, der dei eksotiske fjell- og fjordopplevingane kjem på løpande band. Her frå ein tur til Trandalhatten. FOTO: Håvard Myklebust
            (Foto: Håvard Myklebust)

Spektakulært: Oscar Almgren såg tidleg potensialet i Stranda og omland. Det viktigaste er dei korte avstandane, der dei eksotiske fjell- og fjordopplevingane kjem på løpande band. Her frå ein tur til Trandalhatten. FOTO: Håvard MyklebustFoto: Håvard Myklebust

Siste nyheter

Problem i trafikken

Snøkava held fram

Fleire vogntog har problem i trafikken på Stranda i morgontimane.

Fv. 63 Geiranger-Eidsdal

Open for trafikk

Rasferja Geiranger-Hellesylt

Ekstraavgangar søndag

Tricia Boutté-Langlo:

Heidra svigerfaren med bursdagssong

Den amerikanske songarinna inviterte til julekonsert saman med Ytre Suløen i Stranda kyrkje søndag.

Gerhard B. Relling med minne frå Stranda

Leiken etter snøfall på 1960-talet

Problem i trafikken

Snøkava held fram