God plass til å parkere bilen ved utkikkspunktet på Ljøen. Dette var tidleg laurdag morgon - no i turistsesongen må du rekne med at det blir ganske fullt her utpå dagen.

God plass til å parkere bilen ved utkikkspunktet på Ljøen. Dette var tidleg laurdag morgon - no i turistsesongen må du rekne med at det blir ganske fullt her utpå dagen.

Råsa langs heile turen er veldig god - men bratt frå Ljøen. Frå Ljøen slynger vegen seg i svingar oppover, tilsvarande opp fjellsida på hi side frå Herdalen. På dette punktet måtte eg røske av meg regnjakka eg hadde på meg for å ikkje renne vekk.

Det er ingen grunn til å klage på utsikta oppover - det er mange knipsepunkt på veg til Ljøsætra, så ta mange bilete av Sunnylvsfjorden når du kan!

Det er ingen grunn til å klage på utsikta oppover - det er mange knipsepunkt på veg til Ljøsætra, så ta mange bilete av Sunnylvsfjorden når du kan!

Som sagt: Velidg mange gode plasser for å knipse bilete, og denne utsikta skal du vere beinhard for å bli lei av. Denne bladfyken er ikkje av dei beinharde.

Som sagt: Velidg mange gode plasser for å knipse bilete, og denne utsikta skal du vere beinhard for å bli lei av. Denne bladfyken er ikkje av dei beinharde.

Råsa er under opprusting, og sherpaer frå Nepal har lagt ned eit fenomentalt arbeid i å bygge steingarder langs råsa. Gi dei gjerne skryt for arbeidet om du er heldig å treffe dei undervegs.

Råsa er under opprusting, og sherpaer frå Nepal har lagt ned eit fenomentalt arbeid i å bygge steingarder langs råsa. Gi dei gjerne skryt for arbeidet om du er heldig å treffe dei undervegs.

På dette punktet svetta eg gjennom jekslene - tempoet oppover var litt høgare enn det burde ha vore - så eg vart mildt stemt då eg såg at det flata ut innover.

På dette punktet svetta eg gjennom jekslene - tempoet oppover var litt høgare enn det burde ha vore - så eg vart mildt stemt då eg såg at det flata ut innover.

Ljøensætra er ein flott stad - her er det òg plass til å slå seg ned for ein rast, om du føler for det. Her er det òg dekning på mobiltelefonen, så føl deg fri for å sende eit par skrytebilete. Det gjorde eg!

Vel eit kvarter eller deromkring frå Ljøensætra kjem du til Nykkjevatnet - då får du Båsenibba på di venstre side og Sætrenibba på di høgre side. Båsenibba står for tur, når snøen letnar meir og eg får betre skotøy.

Det var nokre spredte snøflekkar her og der, men fullt ut overkommeleg sjølv med lette tursko.

Det var nokre spredte snøflekkar her og der, men fullt ut overkommeleg sjølv med lette tursko.

Om du er litt eventyrlysten, så er det godt skilta og merka tilleggsturar langs løypa.

Om du er litt eventyrlysten, så er det godt skilta og merka tilleggsturar langs løypa.

Belønninga med Ljøbrekka-turen, er denne utsikta. Her står du og ser utover Strandadalen, og ser den gamle vegen postmannen i si tid brukte innover dalen. Midt i biletet ser du Framste Herdalsvatnet.

Belønninga med Ljøbrekka-turen, er denne utsikta. Her står du og ser utover Strandadalen, og ser den gamle vegen postmannen i si tid brukte innover dalen. Midt i biletet ser du Framste Herdalsvatnet.

1 / 11

Stikk ut 2017

Ljøbrekka

Ljøbrekka vart gått ein laurdag morgon, og det vart ei oppleving av dei sjeldne. På fleire måtar.

Den Trondhjemske Postveg gjekk frå Bjørgvin (Bergen) til Nidaros (Trondheim), og vart oppretta med kongeleg resolusjon den 13. mai 1785. Frå fjorden la båten til kai ved Hellesylt bro, ved uløpet til fossen.

Dette er ein blå tur - altså at han er drygare enn ein rusletur. Berekne god tid, så blir det ein fin tur uansett. Heile turen går frå Herdalen til utkikkspunktet frå Ljøen, ein distanse på vel sju kilometer om ein følger heile Stikk ut-ruta. Om du går heile ruta, så er det ein overgangstur - som betyr at du må ordne med transport på sluttpunktet.

Det er god plass til å parkere bilen både i Herdalen, rett før Ljøentunellen, og på utkikkspunktet på Ljøen.

Eg gjekk opp frå utkikkspunktet frå Ljøen fordi eg ville unngå snøen på Herdalssida. Der møtte eg eit raudmarkert skilt, og det stussa eg litt over - sidan turen visseleg er markert blå i alle turomtaler eg har sett.

Raudmarkeringa skjønte eg sånn halvvegs opp svingane til Ljøsætra. Eg var som vanleg for godt kledd, og ja: Eg gjekk i dongeribukse. Eg måtte av med regnjakka eg hadde på meg, og sette med friskt mot vidare - med enkelte naudsynte pustepauser undervegs.

Råsa er svært god. Ho er no under opprusting opp til Spønhaugen, kor sherpaer frå Nepal lagar steingardar langs råsa på oppdrag frå Ljøbrekkas Vener. Gje dei gjerne skryt for arbeidet, om du er heldig å treffe på dei. Det er fullt fortent.

Då eg kom til Ljøsætra og det omsider byrja å flate ut, svetta eg gjennom jekslane - og kjente tempoet godt i låra. Det er brattare og noko lenger enn frå Herdalssida - noko eg aning grum i hu på veg oppover, kom fram til at akkurat det kunne sunnylvingane godt ha åtvara meg om....

Ved Nykkjevatnet har du frå Sætrenibba på di høgre side og Båsenibba på di venstre side. Begge er gode tilleggsturar, dog må du vente endå ei lita stund om du vil unngå snøen. Eg hadde ikkje skotøy som var godt nok til ein ekstratur - men ryktene skal ha det til at du då får ei spetakulær utsikt utover Sunnylvsfjorden og verdsarvområdet. Den slakaste råsa opp til Båsenibba er raudmarkert, rett ved sluttpunktet for turen - kor det står turkassar.

Eg noterte meg lydig inn i både Fjelltrimmen-boka til Stranda IL og trimboka til Sunnylven IL.

Utsikta frå Ljøbrekka ein laurdag morgon var fenomenal, som de kan sjå - og du ser den gamle postvegen innover Strandadalen frå dette punktet.

Null problem å finne fram - kartet på Morotur er godt, og dette er eit mykje brukt turmål av både sunnylvingar og strandarar. Det er slett ikkje vanskeleg å forstå - du gløymer fort støle lår når du trør innover. Råsa er som sagt god, både opp til Ljøsætra og vidare innover. Ingen uhell eller bortrotingar undervegs skal vere mogleg om skodda er vekke - men du kan treffe på eitt og anna iltert lemen undervegs.

Kven som kippa seg mest av meg og lemenet, det skal eg ikkje uttale meg for skråsikkert om...

Turopplevinga er ein soleklar ti av ti. Dette er ei verkeleg perle av ein tur. All honnør til dei som sette denne turen på Stikk ut-lista for Stranda, for fleire treng å vite om dette turmålet.

Sjølv skal eg sende ein vennleg tanke til postmennene som året rundt, uansett vêr, gjekk denne runden for å bringe post til Stranda. Ruta var faktisk i aktivt bruk heilt fram til 1860-åra, då dampskipa overtok postfrakta.

Meir å lese på Sunnmøringen:
Siste nyheter

Steinras frå Skafjellet i natt:

NVE: – Hald avstand frå fjellsidene

Venstreleiar Trine Skei Grande og Pål Farstad (V)

Kjem på snarvisitt til Stranda

Turist frå London er imponert over Vestlandet:

– Konsekvent slåande natur

Steinras frå Skafjellet i natt:

NVE: – Hald avstand frå fjellsidene

Har opna sommarutsal på Hellesylt

Denne sommaren sel ikkje Linda Fausa varer frå fjordane i Geiranger, men på Hellesylt. Ho fortel at ho var skeptisk til om det kom til å gå like bra, men seier at ho er positivt overraska.

Venstreleiar Trine Skei Grande og Pål Farstad (V)

Kjem på snarvisitt til Stranda

Turist frå London er imponert over Vestlandet:

– Konsekvent slåande natur

Hellesylt Hydrogen Hub

Dannar AS

Fleire aktørar går saman om å danne aksjeselskapet Hellesylt Hydrogen AS. Målet er å utnytte lokal kraftproduksjon.

For dyrt med landstraum for cruiseskip

Cruiseskip slepp ut store mengder klimagassar medan dei ligg til kai. Men løysinga som ville kutta utsleppa er for dyr.